Felteigar: Nibio

Feltvert: Stordal Samdrift

Feltet vart lagt ut i august 2019. Spiringa i bladfaksrutene var dårleg, og sjølv om overvintringa var grei, vart feltet vurdert som for dårleg våren 2020. Men etter samråd med felteigar vart det bestemt å køyre feltet, for å sjå om andelen Bladfaks auka utover i engåra.

Under er sett opp avling i feltet for åra 2020 og 2021.

Tabell 2020
År 2020 (Skjermdump)
Tabell 2021
År 2021 (Skjermdump)

Vurdering

Timoteiledda gav, som forventa (grunna betre tilslag i gjenlegget) best avling både første og andre engår. For alle frøblandingane var det betre avling i andre engår enn i første. I første engår gav to-slåtts- betre avling enn tre-slåtts regime. I andre engår var det omvendt med unnatak av leddet med rein bladfaks. Avlingsskilnadene mellom 2 og 3 slåtts regime var små, med unnatak av leddet med rein bladfaks, som gav tydeleg betre avling i 2 slåttsregime.

Ledda med bladfaks har i andre engår nærma seg timoteileddet i avling. Særskilt har leddet Bladfaks + engrapp nærma seg.

Ved vurdering av dekning våren 2021, registrerte ein at andelen engrapp hadde auka.

Det skal utførast kvalitetsanalysar av avlinga no i 2022.

Feltet skal ligge til og med 4. engår.