Det viktigaste tiltaket for å unngå at plasten kjem på avvegar er at du er bevisst sjølv. Men der er også nokre tekniske tiltak. Teknikkrådgivarane i NLR har løfta fram nokre stikkord.

Bruk god plast

La oss starte med sjølve plasten. Der finst plast av ulik kvalitet. Har du problem med at plasten ikkje fungerer godt nok i pakkaren, kan det vere lurt å prøve eit par rullar frå ein annan leverandør. God plast er som regel best til det meste: Den slitnar sjeldan. Den tettar godt, og sikrar dermed avlingskvaliteten. Den blir kutta slik den skal bli kutta. Mindre trøbbel med innpakkinga sparer deg for tid og hindrar at plast kjem på avvege. Der finst ingen filmsensur med liste over gode og dårlege rundballefilmar, så her må du nok prøve deg litt fram. Det er også skilnad på kva krav dei ulike pakkarane har.

J0714 136

Kvass og dugande kniv

Sørg for at kniven på pakkaren fungerer som den skal. Den skal sjølvsagt vere kvass og rett innstilt. Hugs at plasten skal klippast av, den skal ikkje slitast av. Feil her kan føre til at ballen får plasthale som du må slite med seinare i handteringa. Halar kan også blafre i vinden og bli til småbitar som generasjonane etter deg neppe vil sette pris på.

Feil på kuttinga kan også føre til små plastbitar som blir liggande att rundt om på teigen. Det ser ikkje bra ut etter nokre år, men er gjerne lettast å sjå neste gong du fornyar enga. Reint generelt er godt vedlikehald av pakkaren eit godt tiltak, både mot bortkomen plast og mot plunder og heft.

Unngå lause tampar under transport

Plasthalar og transport er ein dårleg kombinasjon. Når du fraktar ball på hengar, skal du uansett ut for å sikre lasset. Gjer det til ei rutine å gå rundt hengaren for å sjekke plasthalar. Du kan du også ta eit overblikk over lagerplassen, og plukke med deg viss det ligg att plastrestar der. Er plasten fastfrosen i bakken, bør du ta ein sjekk så snart det er forhold til det.

Gode rutinar for brukt plast

Så snart plasten er kledd av ballen, lagrar du den slik at ikkje vêr, vind eller anna som kan skiple gode intensjonar får tak i den. Mange bønder har laga seg smarte oppsamlingskassar eller liknande, som gjer handteringa av brukt plast både trygg og rasjonell. Har du ikkje sånt, kan tida vere inne no kanskje? Er du storbrukar av rundballar, er ei hydraulisk plastpresse ei maskin du fort blir glad i. Når du ryddar opp plasten, pass også på å få med dei små flaka.

Ta høgde for flaum

Noko av det verste som skjer ein rundball, er at den blir teken av flaum. Då taper du fôret, og står att med dritjobben det er å sanke hundrevis av meter med seig plast frå tre og busker og gjerde og andre plassar der den absolutt ikkje høyrer heime.

Difor, tilrådinga er tindrande klar: Rundballar bør lagrast så dei er trygge for 200-årsflaum. Ja: 200-årsflaum, fordi meir ustabilt vêr gjer at vi aldri veit kor og når neste storflaum kjem.

Og forresten, når vi er inne på dette med lagerplass: Du skal uansett ikkje lagre ballar nær vassdrag, på grunn av avrenningsfaren.

Viktigaste tiltaket: Gode haldningar

Viss du har bestemt deg for at plast frå deg ikkje skal kome bort, er mykje gjort. Då er det berre å sette inn tiltak på alle område der det er risiko for tap av plast, og du sjølv er nok godt i stand til å sjå kva som er kritiske punkt i driftsopplegget ditt. Er du i tvil, er vi i NLR gjerne med deg ein runde på garden, så vi saman kan sjå på rutinar og finne gode løysingar som passar for deg.

Trugsmålet

Frå tid til anna er der folk som ytrar stor skepsis til plastbruken i landbruket, særleg rundballeplasten. Vi veit at plastflasker og sånne hamburger-boksar flyt nedover elva og «blir borte» på havet, mens rundballeplasten hektar seg fast både her og der, og dermed viser undersøkingar av plastforureining at landbruket har stor andel svin på skogen og plast i naturen. Sjølvsagt er det ikkje bra med plast på avvegar. Men plasten er viktig for oss. Difor skal vi alle vere nøye, så vi ikkje risikerer strenge restriksjonar eller enda til forbod ein gong i framtida, fordi vi ikkje klarer å handtere plasten på godt nok vis.

J0714 140