Grovforanalyser sesongen 2012 så langt på Haugalandet

11.12.2012 (Oppdatert: 23.01.2017) Lars Kjetil Flesland

Både mengde fôr og kvalitet er bedre hjå dei fleste i år enn i 2011. Innhaustingsveret var og bedre. Her er gjennomsnittstalla frå kommunane på Haugalandet så langt. Ein skal vera forsiktige med å bruka gjennomsnittstal for dei viser berre ein tendens frå år til år. Det vil vera store forskjellar hjå den einskilde brukar, så vår anbefaling er å ta ut fôrprøvar frå sitt eige bruk. Då kan ein finna ut kva kraftfôr ein bør bruka og i rett mengde. Utan eigen anlyse vil tal ha liten betydning. Dette skriv rådgivar Ola E. Alne i Ringblad nr. 3. 2012.

Toleg bra kvaliet på grovforet hausta sesongen 2012

Tørrstoff % er litt høgare i 2012, optimal tørrstoff i forhold til grovfôropptak og

mjølkeytingvil vera 30 – 35 %. No veit alle at det er veret som bestemmer kor høgt vi får tørrstoff prosenten.

NDF( fiber) er og litt lågare i 2012 saman-likna med 2011 både i første og andre slått. Det samme gjeld iNDF(ufordøyelig fiber) på 1. slått, men motsatt på 2. slått.

 

NDF påverkar både grovfôrets energiverdi og proteinverdi. Samstundes viktig for strukturverdien. Til mjølkekyr i produksjon er optimal verdi 480 – 520 ved ein fôrrasjon med grassurfôr og kraftfôr i rasjonen. NDF innhaldetaukarmed utsatt haustetid ( utviklingsstadium av graset) , men og dei klimatiske forholda påverkar forholdet mellom blad og stengel.

 

Er iNDF lågare enn 100 g pr kilo NDF,er surfôretsværtgodt;mellom 100 – 150 godt. Verdiar over 200 gram iNDF pr kg NDF,er høgt og har ein negativ effekt på grovfôrets næringsverdi. NEL 20 (nettoenergilaktasjon)ermykje betre på 1. slått i 2012 enn i 2011, men på andreslåtten er det liten forskjell.

Råproteininnhaldet er høgare i 1. slått, men om lag lik i 2. slått mellom 2011 og 2012. Med fôrrasjonar med grassurfôr og kraftfôr vil ein verdi på 140 vera viktig. Lågare verdi vil medføra at ein må bruke kraftfôr med positiv PBV. Ved høgare innhald står ein friare i val av kraftfôr. For låg PBV i fôrrasjonen vil vera negativt på fordøyelsen av grovfôret og gi lågare fôropptak.

 

Gjæringskvalitet

Mjølkesyre ses ofte i samanheng med tørrstoff %. Mjølkesyra vil som oftast gå ned med auka TS innhald. Det som er optimalt og gir stabil surfôrmasse er 40 – 80 g mjølkesyre pr kg TS, eddiksyre 12 – 30 g/kg TS, smøresyre < 4 g/kg TS og NH3-N g /kg N < 81, Totale syre < 100 g / kg TS.

 

 Som ein ser får ein sterkare gjæring og mindre sukker utan bruk av ensileringsmiddel . Det vert forbrukt sukker under gjæringa. Gjæringsproduktagir næring til kua, men ikkje til mikroorganismane i vomma. Dette sukkeret er da tapt næring til

mikobevekst.

 

Vi anbefaler alle å ta kontakt med sin TINE rådgivar for å få tatt ut grovfôranalyse. Vi tilbyr oss å vera med å finna ut riktig type kraftfôr ut frå analysen og sett opp kraft-fôrlister med rett nivå til enkeltdyr.

 

Ta kontakt med din TINE RÅDGIVAR

 

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.