Staten gir tilskot til grøfting i 2013

11.12.2012 (Oppdatert: 23.01.2017) ,  Lars Kjetil Flesland

I "Teknisk Jordbruksavtale for 2012" er det løyvd 100 millionar kroner i tilskot til grøfting av tidlegare grøfta jord.

Grøfteteig på Eikje i Tysvær

I «Teknisk Jordbruksavtale for 2012» er det løyvd 100 millionar kroner i tilskot til drenering av tidlegare drenert jord. Løyvinga er øyremerkt eng og åkerkulturar. Fylka får tildelt midlar i forhold til kor stort jordbruksareal dei har. Areal brukt til korn, potet og grønsaker tel dobbelt så mykje som areal brukt til eng. Drenering av beite fell utafor ordninga.

Størrelsen på tilskotet er sett til kr. 1000,- pr dekar. Kostnadane med systematisk grøfting hjå oss overstig ofte kr. 10.000,- pr dekar, så tilskotet må nok helst sjåast på som ein klapp på skuldra. 

Kor store midlar som Rogaland- og Hordaland fylke får til fordeling i 2013, er når dette vert skrive ikkje avklara. 

Kva skal til.
For å koma inn under ordninga må arealet vera drenert før. I tillegg skal grøftinga planleggast med kart og kostnadskalkyle (det er uklart om du som bonde kan lage plan sjølv). Det vert gitt tilskot til så vel drenring av våte punkt, som systematisk grøfting av heile areal. Søknadsskjema og vidare prosedyrar er ikkje klargjorde enda.

Ta kontakt alt no!
Har du areal du ynskjer å få drenert, ta kontakt med landbrukskontoret eller med oss i Haugaland landbruksrådgjeving, slik at planlegging kan koma i gang tidleg.

Pris for planlegging.
Vi i Haugaland landbruksrådgjeving tilbyr utarbeiding av grøfteplanar. I 2013 vil prisen vi tek for desse planane vera kr. 600,- pr time for medlemer og kr. 750,- pr time for andre.