Hovedpunkt ved grøfting

11.12.2012 (Oppdatert: 23.01.2017) , Lars Kjetil Flesland

Her finn du nokre hovedpunkt som er viktig å passe på ved grøfting.

Røyr
Bruk dobbeltvegga plastrøyr, med 70-100 mm innvendig diameter. Opningane i grøfterøyra skal vende oppover. Vatn frå avskjeringsgrøfter bør ikkje leiast inn i vanlege grøfterøyr, men inn i eigne tette røyr. Der grøfterøyra endar i kanal eller bekk bør den siste røyra ha tette vegger, slik at dei ikkje gror fulle av røter.

Grøftedjupn og fall
På mineraljord er høveleg grøftedjup 80 cm til 1,0 meter. På myrjord bør røyra liggje 1,0-1,3 meter djupt. Fallet på røyra bør vera minst 5(dvs. 50 cm pr. 100 m grøft). I myrjord må samlerøyret leggast der myra er djupast.

Grøftelengde
Lukka grøfter bør ikkje vera lengre enn ca 100 meter. Det er særleg viktig at grøftene ikkje vert for lange der fallet er dårleg og der ein seinare ynskjer å koma til med grøftespyling.

Filter
Filteret skal verna grøfterøyret mot mekaniske påkjenningar, betra dreneringsevna til grøfta og hindra partiklar å koma inn i røyra og tette denne til. Grov sagspon av gran og furu eignar seg godt til filter, men kan vera vanskeleg å få tak i her på Haugalandet.

Flis frå flishoggar vert ofte for grov som filter. Flis frå lauvtre og kvist inneheld mykje sukker som kan føra til soppvekst og groing i røyra. Denne flisa må liggje minst eit år før ho vert brukt. Det går minst 3 m3flis eller sagspon pr 100 meter grøft (15 cm dekking rundt og over røyra).

Grov sand/grus (elvesand, pussesand med partikkelstørrelse 0,6-2 mm) er eit framifrå filter. Det vernar røyret godt og ligg stødig. Det går minst 1,5 m3pr 100 meter grøft (5 cm over og rundt røyret). Singel har ingen filtereffekt med aukar det drenerande volumet i grøfta. Singel vil som sand verna røyra mot mekaniske skader. Singel fungerer best i myrjord.

Ikkje spar på filtermateriale.

Bruk aldri
spon frå snekkersag, slipemaskiner, høvlar m.m. då desse vert for tette. Halm og bark lagar for mykje slim som tettar igjen røyra.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.