Skjerping av krav til lagring av mineralgjødsel med ammoniumnitrat

24.09.2014 (Oppdatert: 23.01.2017) ,  Ane Harestad

Nytt lovforslag om lagring og sikring av gjødsel som inneheld ammoniumnitrat, blir truleg vedteke haust 2014. Dette vil særleg skjerpa kravet til handtering og lagring av til dømes Ammoniumnitrat 34 %.

Gjødsel som inneheld ammoniumnitrat, er med rett lagring og bruk ikkje eksplosiv. Innelukka og oppvarma kan det derimot vera risiko for eksplosjon.Nytt lovforslag om lagring og sikring av gjødsel som inneheld ammoniumnitrat, blir truleg snart vedteke. Dette vil særleg skjerpa kravet til handtering og lagring av til dømes Ammoniumnitrat 34 %.

Krav til lagring av gjødsel med frå 16 til 28 % innhald av nitrogen
Forhandlar skal lagra gjødsla i avlåst bygning, eller inngjerda og avlåst utandørs. Det blir anbefalt  at jordbrukarar som ikkje driv sal av gjødsel som inneheld mellom 16 % og 28 % N lagrar på stad med normalt oppsyn. Utan normalt oppsyn bør gjødsel lagrast avlåst.

Krav til lagring av gjødsel med meir enn 28 % innhald av nitrogen
Gjødsel som inneheld meir enn 28 % nitrogen (til dømes Ammoniumnitrat 34 %) skal vera sikra med solid inngjerding på avlåst område under normalt oppsyn. Lageret bør også sikrast med elektroniske alarmsystem. Dette gjeld for alle; både forhandlarar og brukarar. Regelverk er under utarbeiding.

Les meir om lovforslaget for lagring, sikring og bruk av mineralgjødsel med ammoniumnitrat hjå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap på dsb.no.