Rapport prosjekt: Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa

06.01.2015 (Oppdatert: 23.01.2017) , Ragnvald Gramstad

Målet med prosjektet var å belysa avlingsnivået i eng på gardar der det over fleire år berre er tilført ca. 3 kg fosfor gjennom husdyrgjødsla. Det er innkjøpt og brukt rein nitrogengjødsel som ammoniumnitrat/kalkammonsalpeter.

Foto: NLR Rogaland
Avlingsregistrering i 2. og 3. års eng gjødsla med 3 kg P/daa, gav ei avling på om lag 1200 kg tørrstoff/daa i sum for 3 slåttar. Dette er ei normal god engavling i vårt område i ein normal vekstsesong. Årets resultat er mykje lik totalavlinga for 2013. Dei dominerande grasartane på skifta var i hovudsak timotei, engsvingel og fleirårig raigras. All fosfor er tilført gjennom bruk av tynn blautgjødsel frå storfe etter gjeldande regelverk. Nitrogen er tilført som kalkammonsalpeter m/svovel om våren og vanleg kalkammonsalpeter gjennom vekstsesongen. Det er praktisert normgjødsling med nitrogen. Sluttrapporten les du her: Avlingsregistrering i eng


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.