Rapport prosjekt: Helgjødsel i beite - innhald av kopar og kobolt i beitegras

06.01.2015 (Oppdatert: 23.01.2017) , Ragnvald Gramstad

Kobolt er som kjent eit mikronæringsstoff som har vorte tilført beitegraset vårt i mange år. Eit mål med desse prøvefelta var å få avdekka om ein finn att kobolt i plantene etter gjødsling med kobolt gjennom bruk av Helgjødsel.

Foto: NLR Rogaland

Helgjødsel med tilsetjing av kopar og kobolt har vore brukt som beitegjødsel i mange år. Resultat frå to prøvefelt på Jæren og eitt prøvefelt på Haugalandet i 2014, har vist eit auka innhald av kobolt i beitegras som er gjødsla med denne gjødsla. Det er òg ein tendens til høgare innhald av kopar, men denne forskjellen er liten. På koboltfattige beite kan gjødsling med kobolt vera eit aktuelt tiltak for å dekka behovet til beitedyr. Når det gjeld kopar, er effekten meir usikker, og andre måtar å tilføra kopar på vil vera ein sikrare metode. Sluttrapporten les du her: Helgjødsel i beite - innhald av kopar og kobolt i beitegras



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.