Vedlikehaldssåing i eng med våtsåingsmetode

27.03.2015 (Oppdatert: 23.01.2017) , Ragnvald Gramstad

Resultat frå 2013 viser inga avlingsauke med vedlikehaldssåing, men i 2014 var det 145 kg/TS/daa i avlingsauke på Jæren. På dei 7 andre felta i landet var det lite eller ikkje utslag av isåing.

Vedlikehaldssåing i eng vart i 2013 og 2014 gjennomført i 8 ulike NLR-einingar i landet. Resultat frå 2013 viser inga avlingsauke, men i 2014 fekk vi 145 kg/TS/daa i avlingsauke på Lode i Hå. På dei andre felta i landet var det lite eller ikkje utslag av isåing. Det isådde raigraset etablerte seg bra på dei fleste stadene, men utgjorde ikkje så stor andel at det gav utslag i avling. Felta skal liggja i 3 år.

Omtale av feltet på Jæren

Feltet vart etablert i 1. års eng 24. april 2013 hjå Trond Lode, Nærbø. Enga vart våren 2012 etablert med Spire Surfôr Pluss 10 med grønfôrerter som dekkvekst.

Halve feltet vart isådd med ca. 3 kg Spire Pluss 100/daa saman med tynn blautgjødsel via stripe/slangespreiingsutstyret til Agro Miljø A/S. Den andre halvparten av feltet var ubehandla. Spireteljing av isådd gras synte jamn oppspiring på behandla areal. Resultat av forsøkshausting av avling til 2. og 3. slått på Jæren er synt i tabell 1.

Tabell 1. Avling i kg/TS/daa fra feltet på Lode i 2014 Behandling

1. slått

2. slått

3. slått

Sum

Isådd areal

499

297

405

1201

Ubehandla areal

443

235

376

1055



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.