Kydlestuvar i Rogaland

24.08.2015 (Oppdatert: 23.01.2017) , Ane Harestad

Frå fagdag arrangert av NLR Rogaland om kydlestuvar; restaurering og skjøtsel.

Nokre punkt frå fagdagen med Ingvill Buen Garnås og Olav Tho om kydlestuvar som NLR Rogaland arrangerte på Høiland Gard 21.08.2015. Program ligg på http://rogaland.nlr.no/kalender/26837/.

Restaurering

·         Ved restaurering av gamle tre (ask, alm, rogn) som har stått mange tiår utan skjøtsel, må ein ikkje kappe lågare enn 20-30 cm over høgda for gammal styving. For eik og bjørk bør det stå igjen endå meir.

·         Restaurering bør helst gjerast om vinteren (november-mars) før sevja stig.

·         Reine kappeflater og skrått skår vil kunne førebygge sopp/rotning.

·         Vurdere tynning av trekruna 2-3 år etter kapping for å få tjukkare greiner.

Skjøtsel

·         Skjøtselstradisjonen for styvingstre/kydlestuvar varierer mykje rundt i landet.

·         I Rogaland har RMP lagt seg på styving kvart 6. år. I Telemark har dei kvart 5. år.

·         I styvingsåret skal det stå att nokre kvistar som er med og bygger treet vidare.

·         Hard og stødig skjøtsel gir gamle tre på grunn av små og mange skot ved kappeflata og ein foryngingsprosess av treet.

·         Eit styva tre veks ikkje i høgda, men i breidda. Dette kan gi mindre rotfall.

Biologisk mangfald

·         Nest etter slåttemark har kydlestuvar det høgaste biologiske mangfaldet i jordbruket sitt kulturlandskap.

·         Rikt mangfald av lav, sopp, mosar, insekt fugl, gnagarar.

·         Daude kydlestuvar skal ligge der dei ramlar ned, og kan fungere som artshotell for det biologiske mangfaldet.

Fôrverdi

·         I dag blir kulturlandskapet og det høge biologiske mangfaldet lagt mest vekt på i skjøtselen av kydlestuvar. Frå gammalt var det derimot fôrverdien av lauv avgjerande for produksjonen på ein gard. Rangering av ulike treslag når det gjeld fôrverdi:

1.       Alm og ask

2.       Rogn, selje, osp

3.       Bjørk (var frå gammalt mest utbreidd)

4.       Or (berre nytta som bakkelauv)

5.       Løn

6.       Lind

7.       Eik

8.       Hassel

·         Før 1950 reknar ein at 20-30 % av årsfôret kom frå lauv. Likningstal frå 1917 seier at det vart produsert 366 tonn lauv, 500 tonn lyng og 40 tonn tang og tare i Rogaland.

Tal tre i Rogaland

Gjennom RMP vart det i Rogaland i 2014 registrert 7370 kydlestuvar som det blir drive skjøtsel av. Det er uendeleg mange fleire som står gjengrodde og utan skjøtsel. Gjennom RMP vert det søkt om flest tre i Suldal, så kjem Hjelmeland, Forsand og Vindafjord.

Fagstoff om kydlestuvar

 

·         Trær i kulturlandskapet- folketro og landbrukshistorie. Økologisk Landbruk 3-2009. http://okologisklandbruk.nlr.no/media/ring/3550/2009/3-09/06-07.pdf

·         Økologiske prosesser knyttet til trær. Økologisk Landbruk 3-2009. http://okologisklandbruk.nlr.no/media/ring/3550/2009/3-09/08-10.pdf  

·         Skjøtselsboka. 8 sider med kapittel 5 ligg vedlagt, og er teke frå http://www.miljodirektoratet.no/no/Publikasjoner/Publikasjoner-fra-DirNat/Annet/Skjotselsboka/

·         Artikkel i Bondevennen 2009 om lauv som fôr ligg vedlagt.

·         Styvingstre og skjøtsel i Hordaland, NLR Hordaland http://hordaland.nlr.no/media/ring/1044/Milj%C3%B8tiltak%20p%C3%A5%20garden/Infoark%20Styvingstre.pdf

·         Trær og tradisjon. Bok om bruk av lauvtre i kulturlandskapet  https://fagbokforlaget.no/?isbn=9788211019059

·         Faggrunnlag for Høstingsskoger i Norge, januar 2013 http://www.miljødirektoratet.no/old/dirnat/multimedia/faggrunnlag_hostingsskogjan2013.pdf

·         Styvingstrær og høstingsskog i Norge, med vekt på alm, ask og lind. Rapport J.B. Jordal nr. 4-2012.  http://www.jbjordal.no/publikasjoner/Hostingsskog_2011.pdf

·         Frivillig vern av skog http://www.vestskog.no/index.jsp?pid=6101&info=Frivillig%20vern

Tilskot

·         Regionalt miljøprogram (RMP) med søknadsfrist 20.08.2015. Kr 80,- per stk (2015).

·         Midlar frå Miljødirektoratet hadde i 2015 søknadsfrist 15. januar. Ikkje fast sats. Tilskota er knytta til truga naturtypar og høgt prioriterte område. Det kan søkjast for tiltak som er planlagde for kommande sesong (2016) på postane Tilskot for å ta vare på trua artar og trua naturtypar.

·         SMIL-midlar til restaurering av styvingstre. Ver merksam på at søknad må sendast før ein har starta på tiltaka. Søknadsfrist varierer mellom kommunar.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.