Val av grasartar og grasblandingar

30.03.2016 (Oppdatert: 23.01.2017) Ragnvald Gramstad

Tal slåttar og bruk av grasarealet til slått eller beite virkar inn på val av grasartar og blandingar.

 

Etablering av ny eng for 3 slåttar

Blandingar med timotei, engsvingel, fleirårig engelsk raigras og eventuelt noko raisvingel er mest aktuelle til etablering av ny eng der ein ønskjer å hausta 3 siloslåttar med best mogleg kvalitet. Døme på blandingar er FKRA sin Spire surfôr Pluss 10 og Fiskå Mølle sin nr. 15.

Etablering av ny eng for 4 slåttar

Døme på blandignar der ein ønskjer å hauste 4 siloslåttar: FKRA sine blandingar Spire surfor pluss 100 og Spire surfor pluss 90 eller Fiskå Mølle sine nr. 19 og nr. 23.

Etablering av ny eng for slått og beite

Dersom ein i kombinasjon med slått vil ha noko beiting, kan ei frøblanding med noko kvitkløver og engrapp vera å føretrekka. Døme på blandingar er FKRA si beiteblanding Spire beite Pluss 60 Sau/Ku og Fiskå Mølle si blanding nr. 16.

Reparasjonssåing i beite

På beite med trakkskader kan det vera aktuelt med noko direktesåing med til dømes frøblanding Spire beite Pluss 60 Sau/Ku frå FKRA eller nr. 16 frå Fiskå Mølle.

Isåing av rein kvitkløver kan vera eit aktuelt tiltak. Best resultat vil ein som oftast få med breisåing av frø tidleg vår i forkant av husdyrgjødselspreiing. Innblanding av grasfrø i husdyrgjødsla før utspreiing kan også fungere bra.

Reparasjonssåing i eng

Reparasjonssåing i gammal og tynn eng og/eller areal med diverse køyre/beiteskader bør gjerast så tidleg som mogleg om våren med lett utstyr. Arbeidet kan gjerast når det er «tørt nok til å køyra». Bruk ein såteknikk der grasfrøet får jordkontakt. Tilføring av husdyrgjødsel etter såing vil som oftast ha positiv effekt.

Innblanding av frø i lag med husdyrgjødsla (våtsåing) har gitt positive resultat, og i mange høve omtrent likt resultat som til dømes ulike former for radsåing.

Aktuelle frømengder kan vera 2-3 kg/daa med til dømes Spire surfor pluss 100 eller 90 frå FKRA eller nr. 23 frå Fiskå Mølle.

Høy til hest

For dyrking av kvalitetshøy til hest bør ein i størst mogleg utstrekning nytta ei frøblanding med mykje Grindstad timotei. Døme på dette er FKRA si blanding Spire Høy eller frøblanding nr. 12 frå Fiskå Mølle.

Hugs grunn såing av desse blandingane og grasfrøblandingar generelt.

Ta kontakt med oss om du vil diskutera frøval eller ha hjelp til ulike vurderingar og tiltak.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.