Vedlikehaldssåing i eng med våtsåingsmetode

14.04.2016 (Oppdatert: 23.01.2017) , Ragnvald Gramstad

I 2015 var meiravlinga med isåing 132 kg TS/daa. På dei andre 8 felta i landet var det lite eller ikkje utslag av isåing, sjølv om det isådde raigraset etablerte seg bra dei fleste stadene.

Vedlikehaldssåing i eng med våtsåingsmetode

Resultat frå Lode i Hå i 2013 viste ingen avlingsauke etter vedlikehaldssåing i eng, men i 2014 fekk vi 145 kg TS/daa i avlingsauke. I 2015 var meiravlinga på 132 kg TS/daa. På dei andre 8 felta i landet var det lite eller ikkje utslag av isåing. Det isådde raigraset etablerte seg bra på dei fleste stadene, men utgjorde ikkje så stor del at det gav utslag i avling.

Feltet på Lode har nå lege i 3 år, og vi har planar om å følgja dette feltet i eitt til to år til.

Omtale av feltet på Jæren

Feltet vart etablert i 1. års eng 24. april 2013 hjå Trond Lode, Nærbø. Enga vart våren 2012 etablert med Spire Surfôr Pluss 10 med grønfôrerter som dekkvekst.

Halve feltet vart isådd med ca. 3 kg Spire Pluss 100/daa saman med tynn blautgjødsel via stripe/slangespreiingsutstyret til Agro Miljø A/S. Den andre halvparten av feltet var ubehandla. Spireteljing av isådd gras synte jamn oppspiring på behandla areal. Resultat av forsøkshausting av avling til 2. og 3. slått på Jæren er synt i tabell 1.

Tabell 1. Avling i kg TS/daa. Lode i Hå 2014

Behandling

1. slått

2. slått

3. slått

Total avling

Isådd areal

499

297

405

1201

Ubehandla areal

443

235

376

1055

Botanisering vår 2015 synte tjukkare og jamnare grasdekke på behandla/isådde ruter frå 2014. Ubehandla ruter hadde meir opne flekkar med meir innslag av tunrapp og vassarve. Heile arealet er meir og meir dominert av fleirårig engelsk raigras.

Våren 2015 (8/4) vart det tilført om lag 5,6 tonn tynn blautgjødel av storfe jamt fordelt over heile feltet med stripegjødsling. Ruter som skulle isåast med grasfrø fekk tilført om lag 3 kg/daa Spire Pluss 100. Spireteljing av isådd gras synte jamn spiring på behandla areal.

Forsøksfeltet vart hausta 3 gonger, og avlingstala er sett opp i tabell 2.

Tabell 2. Avling i kg TS/daa. Lode i Hå 2015

Behandling

1.slått

2.slått

3.slått

Total avling

Isådd areal

743

333

293

1369

Ubehandla

636

297

304

1237



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.