Fagdag om bruk av utmark og kystlynghei

05.06.2016 (Oppdatert: 23.01.2017) , Annlaug Fludal

I forkant av Norsk Villsaulag sitt årsmøte på Karmøy var det 3.juni ein fagdag som løfta fram ulike sider ved å ta i bruk utmarka igjen. Støtteordningane til bruk av utmark og særleg kystlynghei har blitt styrka dei siste åra. I år blei det òg gitt ein liten auke. Kystlynghei er ein utvalgt naturtype som er avhengig av bruk for ikkje å gro igjen. Inngjerding og beiting er dei viktigaste tiltaka for å ta vare det åpne landskapet. Brenning kan vera eit effektivt virkemiddel for å nullstilla gjengrodde areal. I Sveio har det vore eit unikt samarbeid der brannvesenet har brannøving i lyngmark, finansiert av SMIL-midlar via grunneigaren.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.