5 Grunner til å kalke

01.02.2021 (Oppdatert: 01.02.2021) Ole Arnfinn Røysland

Rett kalktilstand (pH i jord) er ein viktig faktor for å ta høge grovfôravlingar. Kalktilstanden påverker mellom anna tilgjengelighet av næringsstoff, rotutvikling, jordlivet og ugrassituasjonen. I tillegg må ein hugse at det kvart år vil vere ei naturleg forsuring av jorda.

Foto: Ole Arnfinn Røysland Fitjar

 

Kalktilstanden i jorda er av dei viktigaste årsakene til høge grovfôravlingar. Generelt vil pH over 6,0 gi dei høgaste grasavlingane. Raigras og kløver vil ha pH kring 6,2-6,5. Ein får ikkje avlingsnedgang på grunn av  overkalking før pH er over 6,5. Som ein tommelfingregel krevst det 100 kg kalk/daa for å heve pH i jord med 0,1.

Tilgjengelegheit av næringsstoff

Det kan vere rikeleg med næring i jorda som ikkje er tilgjengeleg for planta. Dersom jorda er vassjuk, pakka eller kalktilstanden / pH er feil vil ikkje plantene få tak i næringsstoffa som ligg i jorda. Figuren under viser kor på pH-skalaen dei ulike næringsstoffa er mest tilgjengelege. Dess tjukkare strek, dess meir tilgjengeleg er næringsstoffa.

Figur 1: Oversikt over tilgjengelighet av næringsstoff i jord ved ulik pH. Dess tjukkare strek dess høgare tilgjengeligheit.

Utanlandske forsøk i mais viser at dersom pH er 5,5 vil du berre ha 77% utnytting av nitrogenet. Dermed er 33% av gjødsla reint tap. Ved pH 5,0 er utnyttinga av nitrogen nede i 53% og dersom pH er 4,5 vil utnyttinga av nitrogen vere så låg som 30%. Rett nok er mais meir pH krevjande enn gras, men prinsippet er det same. Er ikkje pH i orden, vil ikkje planta få tak i næringsstoff, og ein stor del av gjødsla er bortkasta. Effekten på opptaket av fosfor er mykje større enn effekten på opptaket av nitrogen.

Surjordskade på røtene

I jord med pH under 5,5 er det høg konsentrasjon av oppløyst aluminium (Al3+). Dette vil forgifte planta, og skade røtene. Konkret vil aluminiumsforgiftinga skade mekanismane for opptak og transport av næringsstoff og vatn. Ein vil få liten rotvekst og det vil ikkje verte utvikla siderøter. Ei dårleg utvikla rot vil i seg sjølv hemme opptaket av næring og vatn for planta. Timotei og bygg er artar som er svært ømfintlege for skare av oppløyst aluminium.

Figur 2: Rotutvikling ved pH 6,5 til venstre (plante nr 1 og 3) og 5,5 til høgre (plante nr 2 og 4).

 

Jordlivet

I jorda lever det ei mengde av makk, sopp, bakteriar og andre organismar. Desse har mellom anna som oppgåve å omdanna organisk materiale til plantetilgjengeleg næring. I tillegg er dei med på å oppretthalde ein god og stabil jordstruktur slik at jorda vert drenert og planterøtene får luft. Desse organismane har høgast trivsel og høgast produktivitet når pH er mellom 6,0-6,5.

Ugras

Ulike vekstar har ulik toleranse for låg pH. Som nemnt er timotei svært utsett for aluminiumsforgifting, og raigras responderer godt på god næringstilgang og dermed på god pH. Dersom graset ikkje trivst, til det gi dårlegare vekst, og ei meir open grasmatte. Låg pH i jorda vil dermed både legge forhold til rette for ugras som toler låg pH, og det vil gi ein svekka grasvekst som gir rom for ugraset til å etablere seg. Rett pH vil derimot gi ei hurtigvoksande, tett grasmatte. Ei tett grasmatte er det beste tiltaket mot ugras.

Naturleg forsuring

Jorda vil verte litt surare for kvart år. Derfor blir ein aldrig ferdig med å kalke. Både utvasking på grunn av mykje nedbør, bruk av ammoniumholdig gjødsel (det aller meste av nitrogengjødsla) og til ein viss grad sur nedbør vil bidra til at jorda vert litt surare kvart år. Generelt vil den årlege forsuringa svare til mellom 50 og 100 kg kalk kvart år.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.