Forsøk med algefiber, 1997-1998

25.06.2019 (Oppdatert: 25.06.2019) Lars Kjetil Flesland

Algefiber vert produsert som eit biprodukt frå alginatproduksjonen til firmaet Pronova Biopolymer a.s. på Karmøy. Vi, Haugaland forsøksring og Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring, vart kontakt av firmaet for å sjå om algefiber kunne nyttast som jordforbetringsmiddel. Forsøka var eit samarbeidsprosjekt mellom Pronova Biopolymer a.s., Planteforsk og vi i forsøksringane. Prosjektet varte frå 1997 til 1999, som også gjaldt formidling av algefiber til gardbrukarane på Haugalandet.

Torbjørn Ruud, ringleiar i Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring måler opp algefiber til feltet hjå Egil Eide i 1997. Foto: Lars Kjetil Flesland

Vi hadde forsøk i eng, gjenlegg, korn og potet. Resultata frå forsøka var at algefiber hadde liten gjødslingseffekt, at det skulle store mengder til før vi fekk avlingsutslag. Store mengder ubehandla algefiber hadde ein betydeleg spire- og veksthemming. Det var difor berre nøytralisert/stabilisert algefiber som gav avlingsgevinst.

Under har vi tatt med forsøksresultatet og konklusjonen frå engforsøket vi hadde hjå Egil Eide i Etne i 1998.

Algefiber, tonn /daa

1.slått

2.slått

Sum

0

325

176

501

0,4

298

155

454

2,2

291

156

448

4

337

192

529

LSD50

Ns

Ns

46

 

Nitrogen, kg/daa

1.slått

2.slått

Sum

0

239

136

375

6

339

181

520

12

361

193

554

LSD50

44

20

56

 

Konklusjon

Tilført mineralnæring i kalksalpeter gav sterk auke i avling og næringsmengda som vart attt opp og ført bort med avlinga.

Dei påviste skilnadane mellom algefibermengder i avlingsmengd skuldast i hovudsak skilnader i plantedekket, som er vanskeleg å forklara. Men for største mengde algefiber vart det tatt opp over 1 kg meir nitrogen pr. dekar i avlinga, enn for dei mindre mengdene og på kontrolleddet. I det andre forsøksåret var det såleis meir tilgjengeleg nitrogen i jorda der det var tilført 4 tonn algefiber enn på ledda med henholdsvis 0, 0,4 og 2,2 tonn, - altså ei viss etterverknad av 4 tonn algefiber. Truleg er dette i større grad nitrogenverknad enn verknad som jordforbetring. Men desse to verknadane kan ikkje skiljast sikkert frå einannan i dette forsøket.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.