Attlegg om hausten

13.08.2018 (Oppdatert: 29.08.2018) , Haakon Nordtveit Halvorsen , Bård Oliver Gjellestad

Dersom vêret tilet det, er det aktuelt å etablera attlegg om hausten.

Brakking før pløyig er eit viktig tiltak for å halde kveka i sjakk. Foto: Haakon N. Halvorsen

Ugraskampen

Normalt vil ein først brakke med glyfosat. Dette er viktig for å ta grasugraset og då særleg kveke. Eit problem ein ofte ser er at ein ikkje greier å få tatt høymole og engsoleie. For desse tofrøblada ugrasa er verknaden av glyfosat dessverre dårlegare og ein bør derfor i tillegg vurdere andre middel i tillegg om bestanden av desse er betydeleg.

Ally kan brukast for å ta høymole og engsoleie. Ally er tatt ut av sal, men kan brukast eitt år  til og kan i motsetning til mange andre midler blandast oppi glyfosat ved brakking. Alternativ til Ally er til dømes et middel med fenoksyrer, som til dømes MCPA og Mekopropp. Av desse har Mekoprop har best verknad på desse to artane, men ei blanding av både desse to middela skal gje enda betre verknad når det gjeld engsoleie og høymola.

Haustattlegg

Fordelen med å ta attlegget om hausten er at ein får ein eller to slåttar dette året og normalt gode avlingar 1. engår. Skal ein snu enga på hausten er det viktig at ein ikkje ventar for lenge før ein får sådd då graset må få tid til å bli stort nok til å klare vinteren. Ein brukar ofte tommelfingerregelen 20. august for siste frist for såing og før dette treng ein ikkje meir enn 3-4 dagar med verknad for sprøytemiddelet. 

Ved nyetablering av eng er det viktig å sørge for ein jamn overflate for å sikre jamn sådjupn og for å minimere risikoen for at haustereiskapane drar med seg jord under hausting. Det kan derfor vera lurt å tromle både før og etter såing. Hugs at tidleg sprøyting av gjenlegg er viktig for å få god effekt og eit godt attlegg.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.