Avrenning frå plansiloar

19.05.2016 (Oppdatert: 19.05.2016) ,  Ragnvald Gramstad

Det er meir og mindre pressaftavrenning frå plansiloar. Dette skuldast fleire forhold som vi bør får orden på.

Bilde 1: Dersom ein har litt dårleg reinhald på silogolvet i samband med fôruttak, vil ein sitja att med forureina regnvatn med større eller mindre innblanding av silopressaft. Bilde 2: Dei som ikkje har moglegheit til å la overplasten gå utover siloveggene, får gjennom vinteren mykje regnvatn som skal førast vekk på forsvarleg måte frå siloanlegget. Foto: Ragnvald Gramstad.

Det er etablert mange gode praktiske løysingar for plansiloar i vårt område. Dei fleste legg vekt på fortørking av gras til opp i mot 30-35 prosent tørrstoff. Snitting og god pakking vil under slike forhold normalt resultera i lite eller ingen pressaftavrenning frå silofôret. Det er likevel større eller mindre pressaftavrenning frå slike anlegg som skuldast regnvatn, innblanding av regnvatn, fôrrestar eller andre forhold.

 

Siloanlegget

Det er som nemnt etablert mange gode praktiske plansiloar, nokre med 2 vegger eller 3 vegger i varierande utforming og høgd. Nokre har grus som underlag medan andre har ulike typer av asfalt. Normalt vil nok tradisjonelt støypt betonggolv vera mest tett og sikrast for lekkasjar. Det er i nokre tilfelle etablert rister og oppsamlingsgrøfter for oppsamling av alt vatn, både regnvatn og vatn ureina av silorester/silosaft. Ofte kan det vera noko uoversiktleg kor oppsamla vatn tar vegen frå sjølve siloanlegget.

Pakking og tildekking med siloplast

Dei fleste kler veggene med plastfilm, og legg den inn på golvet i frå siloveggen, ca 1 m, for å unngå innsiging av regnvatn frå sidene. Etter ferdigstilling av silomassen vert plasten bretta inn over silomassen frå kvar side. Dei som ikkje har moglegheit til å la overplasten gå utover siloveggene, får gjennom vinteren mykje regnvatn som skal førast vekk på forsvarleg måte frå siloanlegget. Dersom ein då i tillegg har litt dårleg reinhald på silogolvet i samband med fôruttak, vil ein sitja att med forureina regnvatn med større eller mindre innblanding av silopressaft. Husk at det skal bare 1 liter silopressaft, innblanda i om lag 5.000 l vatn, for å starta opp biologisk/bakteriell oppblomstring.

Drenering og oppsamling av silopressaft

Det er fleire siloanlegg som ikkje har tilstrekkeleg etablert system for oppsamling og fjerning av forureina avsig frå siloanlegga. Dette er eit voksande problem, ein finn for mykje silopressaft i bekker og elver. Det kan også vera ei voksande «bomba» hjå einskilde med omsyn til tiltetting i drenssystemet på garden.

Kva gjere me vidare?

Det er fleire siloanlegg som ikkje har tilstrekkeleg etablert system for oppsamling og fjerning av forureina avsig frå siloanlegga. Dette er eit voksande problem, ein finn for mykje silopressaft i bekker og elver. Det kan også vera ei voksande «bomba» hjå einskilde med omsyn til tiltetting i drenssystemet på garden.

 

 

Artikkelen kan leses i Bondevennen nr. 19.