Avskjeringsgrøfta - den viktigast grøfta vi har!

03.12.2018 , Lars Kjetil Flesland

Etter ein tørr sommar kom ein våt haust, - veldig våt haust. Vi har hatt periodar med svær høg nedbørsintensitet. Grøftesystemet vårt er igjen blitt sett på prøve.

Avskjeringsgrøft. Foto: Eivind Bergset

Avskjeringsgrøfta er den opne grøfta på oversida av teigen som skal ta i mot og leia bort vatnet som elles ville kome inn på teigen. Både det som kjem på overflata men også sigevatn i jorda. Open må ho væra for å ha stor nok kapasitet når det verkeleg bøttar ned.

Men opne grøfter har sine ulemper, og som planleggar blir vi ofte møtt med dei. Dei tar plass. Dei gror fort igjen og må reinsast med få års mellomrom. Beitedyr går seg fast. Grøftekanten veks til med kratt og ugras. Alt dette er rett, men likevel..

Som så ofte elles er det slik at jo meir arbeid du legg ned i å utforma denne grøfta rett, jo lenger går det før du igjen må gjere noko med ho.

  1. Lag ho djup nok, - og brei nok. Slake kantar står mykje betre enn bratte og det er mindre fare for at beitedyra går seg fast. Plastring med pukk reduserer erosjon av grøftekanten og dermed også tilgroing av grøfta.
  2. Driftsvegar treng vi til alle teigar for transport av gjødsel og avling. Dersom du legg denne i kanten av avskjeringsgrøfta, har du lett tilgang til den når du skal vedlikehalde grøfta.
  3. Ein vanleg feil vi ser er at grøftemassen då grøfta vart graven, vart lagt langs grøfta og har sidan danna ein voll som vatnet vert demt opp mot, og vatnet kjem ikkje til grøfta. Less grøftemassen opp på tilhengar og plasser den i søkk lengre inne på teigen.
  4. Skulle du væra allergisk mot opne grøfter, kan du til nøds fylle dei med åkerstein eller grov pukk. Men då bør du fyrst sikre grøftekanten med fiberduk, eventuelt også leggje ei drensrøyr i botn.

Treng du hjelp til planlegging av drenering eller nydyrking?

 

Ta kontakt med:

Sør om Boknafjorden: Ole Arnfinn Røysland, ole.arnfinn.roysland@nlr.no. Mobil: 970 00 922

 

Haugalandet, Suldal og Sauda: Lars Kjetil Flesland, lars.kjetil.flesland@nlr.no. Mobil: 947 81 807



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.