Beite til sau og storfe 2012-2015

06.07.2016 (Oppdatert: 23.01.2017) , Ragnvald Gramstad , Birgitt A Harstad

Dette har vore eit samarbeidsprosjekt mellom NLR Dalane og NLR Rogaland. Målet med prosjektet var å auka kunnskap om ulike grasartar/blandingar for slått og beiting, og få kunnskap om rett gjødsling til beite på ettersommaren og hausten.

Sau på beite i flott kulturlandskap. Fotograf: Birgitt Harstad

Det er store areal med tradisjonelle kulturbeite i Rogaland. I tillegg vert ein heil del av fulldyrka jord nytta som beite til både storfe og sau. Spesielt på ettersommaren vert mykje eng på fulldyrka jord nytta som «feitefôring» av slaktelam. Gjennom fleire registreringar og kvalitetsprøvar på gjødsla og ugjødsla areal, ønska ein finna fram til betre dyrkings- og gjødslingsregime. I tillegg ønska vi å finna fram til tal for kvalitetsutvikling i beitegras på både fulldyrka jord og på beite. Gjennom sortsprøving av grasartar/blandingar vil ein få fram kunnskap om kva grasart/blanding som vil vera mest aktuelle å bruka.

Les heile rapporten her.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.