Beitebruksplan for Grindheim/Litledalen beitelag og Fiskedalen

25.06.2018 (Oppdatert: 08.10.2018) , Lars Kjetil Flesland

Grindheim/Litledalen beitelag og Fiskedalen er eit av dei mest tradisjonsrike og brukte beiteområdet i Etne. Brukarane har alt frå gamal tid av hatt ein aktivt og organisert bruk av fjellbeitet, både for eigne dyr og som utleigebeite. Beitelaget ynskjer å få laga til beitebruksplan for området. Etne kommune har gjennom ordninga for spesielle miljøtiltak i jordbruket løyvd midlar til arbeidet.

Beitande sau ved Hedlo på Borfjellet. Foto: Lars Kjetil Flesland

Grindheim/Litledalen beitelag og Fiskedalen ligg i Etne kommune, og er vel 21.000 dekar, der knappe 19.000 dekar er vurdert. Området består av myr og hei, men også store areal med svaberg utan beiteverdi. For på best mogeleg måte å koma fram til eit mål for produksjonen på beitet er det laga til vegetasjonskart for området. Vegetasjonskart er i dag den karttypen som gjev mest allsidig informasjon om naturgrunnlaget. Inndeling i ulike vegetasjonstypar er gjort etter "Veiledning i vegetasjonskartlegging" av Ynge Rekdal og John Y. Larson. NIJOS rapport 05/05.

Vegetasjonskartlegging er eit fag som krev god plantekunnskap. Grensene mellom ulike vegetasjonstypar er ofte uklare med små samanhangande flater (mosaikk mellom to eller fleire vegetasjonstypar). Gode vegetasjonskart vert laga på grunnlag av gode rutinar og gjentatt kartlegging. 

Det er brukt 6 dagsverk til å gå over området og teikne inn grensene mellom vegetasjonstypane på kart (flyfoto) i format 1:5000. Vegetasjonskartet er så overført til programmet Skifteplan. Dette programmet er ikkje tiltenkt denne bruken. Vi trur likevel kartet  kan med litt tilpassingar brukast.

I det kartlagde beitet er Fukthei, Lavhei og Rishei dei viktigaste beitevegetasjonane, sidan dei til saman dekkar størst areal. Men området har også store areal med svaberg som ikkje har beiteverdi. Vi finn også betydelege areal med Høgstaudeeng og Blåbærbjørkeskog.

Rapporten konkluderer med at eit høvande dyretal på beitet er 850 sauer eller 100 storfe.

Last ned "Beitebruksplan for Grindheim/Litledalen beitelag og Fiskedalen"


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.