Beiting utover hausten

14.10.2019 (Oppdatert: 14.10.2019) Ole Arnfinn Røysland

Kor lenge er det fornuftig å la dyra gå ute på beite? Kva skjer med beitene til neste år dersom ein strekker sesongen i år?

Kva skjer til neste år dersom eg beiter hardt og lenge utover hausten?

Rundt om i fylket byrjer mange av beita å verte relativt snaue og blaute. Då er det relevant å vurdere kor lenge dyra skal gå ute. Moment å ta med i vurderinga av kor lenge dyra skal gå ute er mellom anna. Mengde mat på beite, kva skjer med beitene når dei vert snaugnaga på hausten, vinterfôr, andre praktiske omsyn.

 

Mengde mat på beite

Sjølv om det framleis er ein viss vekst i graset, er denne vesten svært beskjeden. Frå fleire forsøk med avlingsregistrering i beite gjennom sesongen veit me at den daglege produksjonen på beitet i oktober er om lag 20% av produksjonen midt på sommaren. Dette gjeld for eit normalår. I år ser det ut til at mange beiter har teke tidlegare vinterferie enn vanleg. Altså er den daglege produksjonen endå lågare. For sauen sin del er det viktig at han er i godt hold når paringa tek til. Då har ein eit godt grunnlag for passe antall lam til våren (ein kan unngå flush-fôring for å få sauen opp i hold). Dersom det er for lite mat på beitet, vil sauen tære på holdet alt nå. Dermed må du starte innefôringa med å fôre på sauen meir hold med det same, og du vil stimulere til auka eggløysing og fleire sauer med mange lam. For kviger på beite, vil veksten stagnere, eller dei vil ta av dersom det er for lite mat. I dette tilfellet må ein starte innefôringa med å fôre på kviga dei tapte kiloa. Dermed vil det gå lenger tid før kviga er stor nok til å verte inseminert/para. Dermed vert det lenger tid til kalving og kviga kjem seinare i produksjon.

 

Ei visuell vurdering av beitet er det fyrste tiltaket for å vurdere mengda mat på beite. Korleis er det med grashøyde og tetthet på grasplanter? Korleis er utvikling av grashøyde den siste veka (vert det meir/mindre gras)? I tillegg vil beitemønsteret til dyra avsløre ein del. Dersom dyra gar mykje på stader der dei elles ikkje går, kan dette bety at det er lite mat, og dyra søke til "simplare" beitegras for å verte mette.

Eit anna tiltak kan vere å starte tilleggsfôring med rundball ute. Dette vil både sikre at dyra har tilgang på mat, og det vil avsløre korleis tilgangen på mat er i beitet. Generelt vil dyra føretrekke godt beitegras framfor rundballe. Dermed vil dyra ete lite av rundballen dersom det er god tilgang på mat i beitet, og motsett; dei vil ete mykje av rundballen dersom tilgangen til mat i beitet er dårleg. Ein slik løysing vil òg lette overgangen frå beitegras til innefôring for vomma.

 

Kva skjer med beitene?

Dei fleste grasplanter går inn i ein innvintringsfase. Der flytter dei næring frå blad- og plantedelar og ned i rota slik at dei har noko å tære på over vinteren. Dette vert ei slags "nistepakke" til vinteren. Stadig beiting av planta vil stimulere grasplanta til stadig vekst, og graset vil ikkje få mulighet til å "pakke nisteboksen" for vinteren. Dess seinare dyre vert teke av beitet, dess kortare tid har planta til å "fylle opp nistepakken", og dess mindre vert "nistepakken". Den direkte betydningen av dette viser seg i at grasplanta kjem seinare i gang til våren. I verste fall vil grasplanta gå ut, og andre planter (les: ugras) kan overta plassen. Fleire bønder rapporterer at i år der dei beita sauer ute til jan/feb (over telledato) for å ha billege sauer på telledato, måtte dei betale med eit svært tregt og dårleg vårbeite året etterpå.

Her er ein viss skilnad på grasartane når et gjeld innvintring. Generelt vil raigras og rapp vere av dei artane som tåler haustbeiting best, og timotei vere blant dei artane som tåler haustbeiting dårlegast.

 

Andre omsyn

Lite vinterfôr vert ofte nytta som eit argument for å beite sauene lenge ute. Maklighet i fjosstellet er eit anna. 2019 har vert eit godt fôrår. Dermed er det rimeleg å anta at mange har litt ekstra grovfôr å tære på i vinter. Om ikkje anna er det i år enklare enn på lenge å handle grovfôr dersom ein skulle ha for lite. Og så vert det eit anna element som kjem opp: Er det mest verdifullt med beite utover hausten, eller eit tidleg beite komande vår?

 

Dette bildet er teke i slutten av april 2018. Delen til høgre som er omringa av gjerdepålar, vart inngjert midt i september 2017. Altså ikkje beita utover hausten. Delen til venstre vart beita ut oktober. Dette er eit "vanleg" kulturbeite med mykje innslag av rapp. Foto: Håkon Pedersen

 

 

Timoteieng fotografert på våren. Området til høgre er beita utover hausten, område til vanstre er ikkje beita utover hausten. Foto: Kolbjørn Eriksen

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.