Bokkveite

10.05.2019 (Oppdatert: 12.08.2019) Lars Kjetil Flesland

Bokkveite er ikkje ein kornsort, men ei plante i slekt med høymole, hønsegras og matsyre. Som kulturplante har ho eldgamle røter, men har lenge vore ute av produksjonen her i landet. Først på -90 talet var det ein aukande interesse for bokkveite. Bokkveite har gode eigenskapar i diettar. Mjøl av bokkveite inneheld ikkje gluten. I frokostblandingar finn vi ofte bokkveite. No er det vel helst i Aust-Europa dei produserer bokkveite.

Forsøksfelt med bokkveite på skogplanteskulen i Etne 1990. Foto: Lars Kjetil Flesland

Bokkveite likar seg på sur jord. Bokkveite skal ikkje gjødslast for sterkt. Ugraskampen er vanskeleg sidan ein ikkje har nokon ugrasmidlar som høver. Dvs. alle ugrasmidlar drep også bokkveite. Difor må bokkveite dyrkast på ugrasfri jord. Bruk av falsk såbed vil kunne redusera ugrasproblemet noko.

I 1990 anla Etne, Ølen og Vindafjord eit forsøksfelt med bokkveite på det som då var Statens Skogplanteskule i Etne. Det var ulike polske sortar vi prøvde ut, i samband med Planteforsk på Særheim. Feltet i Etne gav små avlingar. I forsøksmeldinga står det av vi kanskje var for forsiktig med gjødslinga? Ein del planter daua i spirefasen, på grunn av rothalsråte. Men som bildet over viser, var feltet noko lunde ugrasfritt.

Forsøksresultat 1990

Tabell 1.: Avling av bokkveite i kg pr dekar.

Sort

Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring

Middel av to felt

Emka

58

142

Hruszowska

44

105

Bohatyr

54

130

Darja

43

83

Petra

34

105

 

Les meir om bokkveite på: https://no.wikipedia.org/wiki/Bokhvete.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.