Bruk utmarka

13.07.2018 , Ole Arnfinn Røysland

Norge er eit utmarksland. Når det minker med mat på heimebeiter kan utmarka vere løysinga. Her følger nokre tankar og tips for utnytting av utmarksbeiter med sau og storfè.

Blåtopp i Bjørkeskog. Dette graset liker ikkje sauene, men storfè ser ut til å beite det. Sjå fleir bilder i galleriet Foto: Birgitt Harstad

Det ser ut til å verte knapt med grovfôr i vinter. Mange stader ser ein òg at beita tørker inn og fôrmengda byrjar å verte marginal. Ein del stader har ein alt sett seg nøydd til å fôre med dyrebart vinterfôr for å oppretthalde vekst og mjølkeproduksjon. I denne situasjonen er det naudsynt å forvalte dei ressursane ein har på ein best mulig måte. Ein av desse resursane er utmarksbeite. I utmarka kjem det endå tydelegare fram at sau og storfè har ulikt beitemønster. Dette kan me utnytte.

Storfè.

Mange av utmarksbeita, spesielt i Sør-Rogaland, er prega av blåtopp ("Skogsgras" sjå bilde). Dette er eit bladrikt gras som er litt lyst i fargen og veks i tuer. Sauen er svært lite begeistra for dette graset, men storfeet ser ut til å beite det greitt. Dermed er det rom for å sleppe på storfè på utmarksbeite sjølv om det allereie beiter sau der. Spesielt gjeldkyr og kviger kan vere aktuelt å sende i utmarka for å spare vinterfôr og beite heime. Hugs at ein får ekstra tilskot for dyr på utmarksbeite. Kravet er minimum 5 veker på utmarksbeite og satsen pr. storfè er 434,- i tillegg til det vanlege beitetilskotet. Hugs at utmarka har større verdi dersom ein kan beite ho nå, og få frisk gjenvekst på utmarksgraset, kontra å vente til hausten.

Sau

Dei fleste sauene er allereie på utmarksbeite. Men det går òg ein del sauer på innmarksbeite / kulturbeite. I dei fleste tilfelle ber desse beita preg av tørkesituasjonen, og mattilgangen byrjar å verte begrensa. Rangordninga i saueflokken er slik at sauen står over lamma i rang. Det betyr at dersom det er lite mat, har sauen forrang, og lamma får forsyne seg av det som er att. Når det er lite mat, vil òg mjølkeproduksjonen til søya vere begrensa.

Når ein har kome så langt ut på sommaren som nå, er lamma neste fullt utvikla drøvtyggarar og mjølka frå sauen betyr relativt lite for tilveksten. I Storbritannia er det vanleg praksis å skilje lamma frå sauen alt ved 100 dagars alder. Dermed kan ein gi lamma det beste beitet utan at sauen får forrang på det beste graset. Eit lam som er fødd 1. april er 100 dagar 10. juli. Dette kan vere ein tanke her òg når beitet er minimumsfaktor. Sauene som er tekne frå, kan gå rett på eit utmarksbeite. Òg for sau gjeld det at dyret må ha minimum 5 veker på utmarksbeite for å få utmarkstilskot. Satsen pr sau i utmarka er 152,-, i tillegg til det ordinære beitetilskuddet.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.