Demonstrasjonsfelt for lyngbrenning på Bokn

24.10.2019 (Oppdatert: 24.10.2019) Annlaug Fludal

7.juni 2019, Same plass to månadar etter brenning. Dei store grøne tuene er blåtopp. Dei har blitt beita på. Det er allereie god bryting av gamle planter av den brende lyngen.Foto: Annlaug Fludal

På austsida av E39 på Vestre Bokn blei det brent av eit stort felt i 2007. I 2019 blei ein liten del av dette brent på ny for å kunna følga med på utviklinga. Feltet ligg lett tilgjengeleg langs vegen og interesserte som passerer Bokn er velkomne til å ta ein stopp for å sjå.

Første året ser ein god bryting frå gamle planter og i tillegg frøplanter av lyng. Utviklinga i eit felt etter brenning kan variera.

For å sjå utviklinga gjennom sesongen på dette feltet i fine bilde, kan du sjå denne rapporten. 

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.