Drenering i eit våtare klima

09.12.2019 (Oppdatert: 09.12.2019) Lars Kjetil Flesland

Underteikna har vore planleggar for ein del grøfteprosjekt og nydyrkingsanlegg. I den pågåande klimadebatten er det i vårt fagfelt krav om å gjera landbruket meir robust mot framtidige klimaendringar. Eit av dei viktige punkta i denne samanheng, er kontroll over grøftevatn og avrenning.

Figur 1. Her har vegetasjonssonen mot bekken hindra overflatevatnet å kome til bekken og har danna eit vått parti innanfor. Foto: Lars Kjetil Flesland

Strukturrasjonalisering i landbruket, med større einingar er ei ynskt utvikling frå styresmaktene. Denne utviklinga gir færre bønder med meir leigejord, noko som også gir lengre avstandar mellom gardshus og jordbruksareal. Dette pressar fram bruk av meir effektive, - men også større og tyngre maskiner og reiskapar. Samstundes opplever vi, som følgje av klimaendringane lengre periodar med samanhangande regnvær og meir intens nedbør.  Resultatet ser vi over alt,- sundkøyrde bakkar og øydelagd drenering.

Eg, og mange andre forståsegpåarar, fortel at gardbrukarane må ha is i magen og vente til jorda er lagleg. Det let seg ikkje alltid gjera, skal dei berga avlinga. Sommaren 2017 registrerte Meteorologisk Institutt sin målestasjon i Vats (Vindafjord) to dagar utan nedbør mellom 1. juni og 9. august. September 2018 fall det 500 mm regn på Hjelmeland.

Nei til dyrking av myr?

Stortinget har sett forbod mot nydyrking av myr. Dette som eit ledd i arbeidet med å gjere Noreg meir klimavennleg. Mange myrar eignar seg heller ikkje til nydyrking. Djup myr og myrar som er eit resultat av gjengrodde tjørnar bør få liggje urørt. Derimot kan grunne myrar med lausmassar under væra veleigna til dyrking ved hjelp av omgraving. Omgraving betyr at ein i dyrkingsprosessen dekkar torvlaget med lausmassane under. Slik får ein forsegla det organiske materialet og dermed hindre utslepp av klimagassar. I tillegg kan vi få ei fast bærelag som toler betre  køyring og maskiner, som også vil tola meir intensiv nedbør betre.

Mange myrar som er dyrka for ein eller fleire generasjonar sidan har no store problem med dreneringa. Det som ein gong var middels omdanna torv, som den gang gjekk å drenere, er no omdanna til brenntorv med særs dårleg dreneringsevne. I tillegg er mykje av det organiske materialet borte og avstanden til grunnvatnet liten. Her vil omgraving kanskje væra det einaste alternativet. Omgraving er ein dyr måte å drenere på, men gjort rett kan det væra ei varig løysing.

Drenering av mineraljord kan også by på problem.

Dårleg drenering og øydelagd jordstruktur er problem også der det ikkje er myrjord. Med dei nedbørsmengdene som er omtala lengre oppe, kan vi få problem også andre stader. Det finst ingen 100%-løysingar, men tiltaka under vil kunne hjelpe:

  • Hindre overflatevatn å kome inn på teigen. Avskjeringsgrøfta er den viktigaste grøfta på teigen!
  • Lage til driftsvegar som sparer grøfterøyra i størst mogeleg grad for køyreskader og reduserer pakkeskader i jorda ved transport av avling og gjødsel.
  • Leggje til rette for avrenning av regnvatn på overflata.

Det siste er ikkje alltid like enkelt. Mot vassdrag med årsikker vassføring skal det ved nydyrking væra ei 6 meter brei sone der det ikkje skal gjerast noko. Der elvar og bekker renn gjennom allereie dyrka areal, skal det etablerast eit minst 2 meter breitt grensebelte. Når dette grensebeltet veks til med busk og kratt vert resultatet ein voll som hindrar overflatevatnet å koma fram. Eit hinder mot avrenning av husdyrgjødsel, ja, men for dreneringa av jordbruksarealet er dette ei skikkeleg utfordring. Svært mange stader får vi her eit vått parti, nærast sump.

Drenering mot vassdrag.

Opne grøfter er dei mest effektive. Nokre stader vil det å etablera ei open grøft inn til vegetasjonssonen, parallelt med vassdraget, væra ei løysing. Kanskje kombinert med ein driftsveg nærast vassdraget. Ved å la dreneringsrøyra enda i denne opne grøfta, kjem ein også til med grøftespyling i etterkant. Ei anna løysing er å forme terrenget slik at overflatevatn renn mot kummar eller grusfilter, og slik får utløp. Samlar ein grøftene inn i desse kummane, kan ein også kome til med grøftespyleutstyr.

Vårt moderne jordbruk og eit våtare klima set større krav til utforming av dreneringssystema våre. Jordbruksareal kan gå ut or produksjon som følge av dårleg drenering og redusera sjølvforsyningsevna vår, kanskje særleg utfordrande på leigejord. God drenering er viktig også for å redusera utslepp av klimagassar frå jordsmonnet. Det er å håpa at styresmaktene framleis, og kanskje i enda sterkare grad stimulerer til god dreneringspraksis.

 

Figur 2. Skjematisk framstilling av drenering  mot vassdrag der dreneringsrøyra endar i open kanal med driftsveg langs vegetasjonssonen mot vassdraget. Eit slikt oppsett ved nydyrking, vil medføre at ei stripe på ca 10 meter mot vassdraget ikkje kan haustast. Grafikk: Las Kjetil Flesland



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.