Driv du mjølkeproduksjon i båsfjøs?

01.11.2020 (Oppdatert: 01.11.2020) Daniel Andreas Breivik

Nye krav i 2024 og 2034 – kva bør du tenkje på alt no?

Du må ikkje nødvendigvis byggje nytt for å halde fram med mjølkeproduksjonen etter 2034. Ombygging av båsfjøs med nytt påbygg, kan vere eit alternativ.

Nye krav

1. januar 2034 trer som kjent kravet om lausdrift for storfe i kraft. Det vil vere gjeldande for alle båsfjøs. Det er framleis ein god del år før kravet om lausdrift trer i kraft, og det gir moglegheit for å bruke god tid til grundig planlegging av den framtidige produksjonen på garden. Men allereie i 2024 trer det i kraft nokre nye krav som vil krevja både tid og pengar, i hovudsak for bønder med båsfjøs. Då kjem det primært to endringar som du må ta omsyn til:

  • Krav om kalvingsbinge. Ein binge per påbegynte 25 kyr.
  • Krav om utvida beitetid og mosjon utanom beitesesong for dyr som vert oppstalla i båsfjøs.

 

Kalvings- og sjukebinge – kva må du tenkje på?

Vegleiaren seier om sjukebinge at det skal vere ein eigen binge med fikseringsmoglegheit som står klar ved behov, og som skal nyttas til formålet. Er det avsett plass til ein midlertidig sjuke/kalvingsbinge som raskt og enkelt kan setjast opp av grinder eller liknande, så er det vanlegvis ikkje nok til å oppfylla kravet. Bingen må vere tilrettelagt for sjuke dyr og dyr i fødsel. Minimum 50 prosent av arealet skal ha tett golv. Liggearealet i bingen skal vere minst like mjukt som på liggjeplassar elles, helst mjukare. I kalvingsbingar skal det vere eit tjukt strøbedd for kua.

 

Mosjon og beitetid

I dag er det krav om at storfe (unntak; oksar eldre enn seks månadar) skal ha minimum åtte veker mosjon på beite. Dei nye krava for båsfjøs vil vere gjeldande frå 1.1.2024, og seier at storfe har krav på 16 veker mosjon på beite. Dyra skal også sikras moglegheit for fri bevegelse resten av året etter naturleg og adferdsmessig behov (§10, §§1 og 4).  

Vegleiar til hald av storfe seier vidare at mosjonskravet i hovudsak regulerer sikring av mosjon på beite, og ikkje næringsopptak på beite. Mosjon kan også føregå andre tider på året utanom beitesesongen. Det du må ta omsyn til er at mosjonsområdet (luftegard, skog, anna utmark, jorddekt fastmark), er hygienisk, slik at ikkje dyra vert tilgrisa med jord, gjørme, avføring og urin, noko som kan påverka dyrevelferda.

 

Kor stor plass skal dyra ha ute?

Det er ikkje sett krav til storleik på uteareal i forskrifta. Arealbehovet vil variere med type beite (utmark/innmark, gjødsla/ugjødsla) og om det vert fullbeita eller tilleggsfôra.

Til å kunne hjelpe med vurdering av beiteareal, utforming av mosjonsareal og luftegård og praktiske løysningar, viser vegleiaren (Veileder til forskrift om hold av storfe) til fagrådgjevarane i næringa.

 

Korleis kan NLR bistå med å innfri 2024 og 2034 -krava?

At det er nokre år til 2024 og 2034 gir rom for ein kontrollert prosess utan store overraskingar. Det kan difor vere fornuftig å byrje allereie nå med å få oversikt over status på garden. Kva er i høve til forskrift? Kva må du endra eller utbetra til nye endringar trer i kraft i 2024 og 2034?

Må du gjennomføra endringar på driftsopplegget for å imøtekoma forskriftene, kan det vere fornuftig å starte planlegginga tidleg. Det er i planleggingsfasen du kan gjere dei største innsparingane i eit byggjeprosjekt. Det er enklare og ikkje minst billigare å fjerne strekar på ein teikning enn å fjerne ein fysisk vegg.

Ta kontakt med NLR dersom du ønskjer uavhengig rådgiving i byggjeprosjektet. NLR kan hjelpe med blant anna skisser, kostnadsoverslag, bistand til byggesøknad, utarbeiding av konkurransegrunnlag,  vurdering av pristilbod og kontraktar, samt å hjelpe til med byggeleiing i byggjeprosessen.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.