Einstape – midtsommars er god tid for bekjemping

22.06.2020 (Oppdatert: 22.06.2020) Annlaug Fludal

Einstape er ei bregne som er mest vanleg i skog og utmark, men den trivest òg godt på oppkultiverte sauebeiter. Rett sprøytetid er når blada er utvaksne , dei fleste stader hjå oss rundt 1.juli. Gratil er einaste aktuelle kjemiske middel. Glyfosat verkar òg, men drep som kjent graset i tillegg. Mekanisk bekjemping kan gjerast ved å kutta eit par gonger i året over fleire år og på den måten arma ut det store rotsystemet.

Foto: Annlaug Fludal

Einstape er ei bregne som kan breia seg over store område gjennom rot-utløparar. Den har namnet sitt frå dei store enkeltblada som kjem i koloniar og kan kvela det meste som veks under. Sjølv om ein tenker på einstape som ei utmarksplante kan den òg bli svært dominerande der den har fått innpass i kulturbeita. Planta er giftig og blir normalt ikkje beita. På sauebeiter vil den auka i omfang medan tråkk frå storfe kan halda den i sjakk.

Mekanisk ugraskamp kan gjerast ved å slå blada i mange år. To gonger årleg slått er betre enn ein gong. Ved ein gongs kutting er rette tida i juli. Enkelte bruker ein pisk og knekker stilken slik at bladet blir hengande og visna. Det er ikkje funne forskjell i verknad på full avkutting eller knekking av stengelen. Mekanisk kamp mot einstape er eit langsiktig arbeid. Men sjølv om ein vel kjemisk bekjemping bør ein følga opp på gjenveksten etter eit par år.  Ugras-artar med stort rotsystem bør ein følga opp over litt tid.

 

Einstape på beite i Etne, juli 2015 før sprøyting.

Foto: Tor Arne Sandvik

Einstape på beite i Etne i juni 2016, etter sprøyting.

Foto: Tor Arne Sandvik

 

 

 

Lenker til meir lesnad: 
https://rogaland.nlr.no/nyhetsarkiv/2017/naa-er-tida-inne-for-sproeyting-mot-einstape/

Plantevernleksikonet:  https://www.plantevernleksikonet.no/l/oppslag/439/

http://media.lynghei.no/2017/01/200503_Einstape_endelig.pdf



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.