Element å hugse på når ein skal slå kornåkeren til dyrefôr

13.07.2018 , Ole Arnfinn Røysland

Det er i utgangspunktet to tidspunkt som er aktuelle når ein skal slå ein kornåker til grovfôr: skyting eller deigmodning. For dei fleste er skyting eit tilbakelagt stadium. Dermed er deigmodning det mest aktuelle. Då hauster ein det me kaller heilsæd / heilgrøde. Her er nokre element å hugse på når ein hauster heilsæd.

Når ein klemmer eit korn i deigmodningsfasen mellom fingrene, oppfører det seg som ei kvise. Dette er på middels deigmodning, og kan tåle å stå litt til før hausting. Foto: Ole Arnfinn Røysland

Det er i utgangspunktet to tidspunkt som er aktuelle når ein skal slå ein kornåker til grovfôr: skyting eller deigmodning. Ved skyting er fôreiningskonsentrasjonen og kvalitetsutviklinga om lag som for anna gras. Kring 0,9 FEm ved byrjande skyting, og jamt synkande ved utsett haustetidspunkt. For dei fleste er dette eit tilbakelagt stadium. Kornet har sett frø og er på mjølkemodningsstadiet. Då er det lurt å vente til deigmodninga er godt i gang før ein slår. Då haustar ein det som vert omtala som heilsæd/heilgrøde.

Heilsæd har sin største funksjon som strukturfôr. Men godt fylte korn bidreg òg med ein del stivelse. Når kornplanta har blomstra, er det om å gjere å få med mest mogleg stivelse. Rett haustetid for heilsæd er når ein kan sette eit merke i kornet med nagla, og dette ikkje forsvinn. Eit anna kjennermerke er når ein kan klemme innhaldet i kornet som ei kvise. Hauster ein før dette, har ein ikkje fått med maksimalt med stivelse. Og hauster ein etter dette kan korna fort verte så harde at dei passerer heile gjennom kua. Er ein i tvil, er det derfor betre å hauste tre dagar for tidleg enn ein dag for seint.

I og med at "gullet" i heilsæden er korna, er det viktig å få minst mogleg drysstap under hausting. Minst drysstap får ein som oftast med skårleggar og finsnittar. Men dersom ein berre rår over slåmaskin og rundballepresse er det mogleg å oppnå godt resultat med dette òg. Då må ein hugse følgande: Så forsiktig handtering av kornet som mogleg:

  • Ta av stengelbehandlaren på slåmaskinen
  • Om ikkje det er mogleg; køyr med redusert turtal
  • Ta ut flest mogleg knivar frå pressa

Det er ikkje berre kyrne som synest at korna i heilsæden er snadder. Det gjeld òg for rottene. Pass difor på at katten har god plass mellom rundballane når ein lagrar dei. Eventuelt kan ein lagre dei oppå vanlege rundballar med gras.

Ta kontakt med vår fôringsrådgivar for råd om best mogleg bruk av heilsæden.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.