Rett forvaltning og bruk av plantenæringstoff

12.09.2017 (Oppdatert: 12.09.2017)

Vi har eit felles ansvar for å ta vare på og utnytta plantenæringstoffa på gardsnivå. Dette er særs viktig med omsyn til klima og miljø, men også med omsyn til økonomi. Vi må i endå større grad vera flinke å utnytta jordprøveresultata frå eigen gard, og lagra og utnytta husdyrgjødsla optimalt.

Mange har vore flinke til dette i mange år, og dette ser ein att både i jordprøveresultat og i lommeboka.

Jordprøvar

Det er utover hausten det er best tid til uttak av jordprøvar. Einingane i Norsk Landbruksrådgiving har system og oppfølging omkring dette. Vi var innom gardbrukar Idar Egeland i Time, som har fått hjelp i mange år til jordprøveuttak og utarbeiding av dyrkings- og gjødslingsplan.

Det er interessant å kunna sjå at over tid viser rett bruk av næringstoff stabile verdiar i hans jord med omsyn til pH, fosfor, kalium og magnesium. Idar meiner det er viktig at vi alle respekterer gjeldande regelverk for lagring og spreiing av husdyrgjødsel. Feil mineralgjødsel er kanskje meir uheldig med omsyn til ureining enn rett bruk av husdyrgjødsla vår.

Dersom ein tilfører husdyrgjødsel etter gjeldande regelverk (som er fagleg bra), vil det vera tilstrekkelg til å dekka behovet for både fosfor og kalium. I praksis vert det tilført om lag 3,5 kg P og om lag 19 kg K per daa til eng 3 slåtter.

Årleg gjødslingsplan

Alle føretak som disponerer jordbruksareal med planteproduksjon, og som har rett til produksjonstilskot, skal ha utarbeidd gjødslingsplan før kvar vekstsesong. Gardsbruk som har mindre enn 5 gjødseldyreiningar med ei enkel driftsform, kan søkje kommunen om fleirårig plan.

Idar har i mange år vore oppteken av å ha årleg gjødslingsplan i system. Det er viktig både av omsyn til miljøet og ikkje minst økonomien. Idar overtok drift av garden i 1996, og første driftsår fekk han merknad frå rekneskapskontoret om betydeleg redusert gjødselkostnad i høve til tidlegare eigar.

Idar deltok i avlingsregistrering i regi av NLR Rogaland over 3 år. Avling for alle slåttane vart dokumentert der ein i alle år har bare nytta husdyrgjødsel (3 kg P/daa), og kun innkjøpt minerarlgjødsel som reint nitrogen. Resultata frå dette viste normal god grasavling på om lag 1200 kg tørrstoff/daa. Både grasavlingane og helsetilstanden på dyra har vore bra.

Idar ser det som særs viktig at ein som gardbrukar får "eigarforhold" til ein utarbeidt dyrkings- og gjødslingsplan. Planen skal nyttast som eit viktig styringsverktøy gjennom heile vekstsesongen.

Idar vurderer husdyrgjødsla som ein viktig ressurs, og han legg vekt på at gjødsla skal spreiiast om våren og etter 1. siloslått. Då får ein best utnytting.

Kr 100/tonn i verdi av husdyrgjødsla

Husdyrgjødsla representerer ein næringsverdi på om lag kr. 100,-/tonn. Om våren til grasmark er det viktig å nytta N-gjødsel med svovel. Resten av sesongen vert det kun brukt N-gjødsel som Kalkammonsalpeter eller N-34.

Dersom ein skulle ha for lite lagerkapasitet kan det vera økonomisk forsvarleg å byggja eit tilleggslager.

Det er viktig at vi utnytter husdyrgjødsla for det den er verdt, og vi må verta flinkare til ikkje å kjøpa heim fosfor i mineralgjødsla vår. Det er "hevne" pengar og dårleg for miljøet. Feil mineralgjødsel vil for Idar si drift lett auka gjødselkostnaden med kr. 40-50/daa eller totalt årleg kr. 12000-15000,-. Dette er pengar som kan nyttast til viktigare ting.