Produksjon av hageblåbær

Ville skogsbær, som bringebær, molter, tyttebær og blåbær, har til alle tider vore ein viktig del av det norske kosthaldet. Dei to lyngartane vi haustar mest frå, er tyttebær, Vaccinium vitis-idaea L. og blåbær, Vaccinium myrtillus L. I tillegg er blokkebær, Vaccinium ulignosum L. og tranebær, Vaccinium oxycoccus L. våre heimlege medlemer i bærlyngfamilien. Men desse to vert i mindre grad hausts hjå oss. I Nordarmerika har dei mange fleire arter i denne familien enn det vi kan skilte med. Nokre av desse kan gje langt større bær, og avling enn våre ville blåbær.

Norske blabaer

Hageblåbær er ei av dei siste plantene vi menneske tok i kultur. Den fagmessige dyrkinga av hageblå-bær starta i 1909 i USA, med seleksjon blant ville buskar i artane Vaccinium corymbosum L. og Vacciunium australe Small. Pioneren her var F.V. Corville. Nyare sortar er utvikla etter kryssing mellom desse to artane, og mellom desse og bl.a. Vaccinium angustifolium Aiton. Foredlings-program, utført i USA, Tyskland, Australia og andre stader, har utvikla sortar som produserer bær som er opp til tre gonger så store som dei største ville bæra. Sortane vi dyrkar her i landet stammar frå desse. I sørlegare og meir varme strok dyrkar dei også "rabbiteye" blåbær, Vaccinium ashei og sørlege sortar av hageblåbær, Southern Highbush. Rabbiteye blåbær vert noko kraftigare enn hageblåbær.

Utbreiing USA

Kva er hageblåbær?

Hageblåbæra høyrer til bærlyngfamilien, Vacciniaceae, som også omfattar våre ville blåbær, tyttebær, blokkebær og tranebær, - og ca. 400 andre arter. Som andre lyngplanter likar hageblåbær seg i sur jord. Best i jord med pH mellom 4 og 5. Hageblåbær er ei plante med grunt rotnett, og som manglar rothår. Dei fine trevleforma røtene krev open laus jord der det er lett å vekse. Plantene brukar normalt 6-9 år på å nå full produksjon. Blomsterknoppar vert danna på 1 år gamle skot. Ville hageblå-bær veks på våt jord, men rotsona må vera godt drenert. Kraftige, produktive planter får vi på jord som aldri er vassmetta i vekstsesongen, og berre i korte periodar om vinteren. Den beste jorda er ei laus silt- eller sandhaldig leirjord, eller organisk jord (torv eller kompost) som er godt drenert med grunnvatnet minst 0,35-0,75 meter under jordoverflata. I slik jord får dei fine røtene vekse og utvikla seg fritt, slik at dei får tatt opp vatn og næring. Hageblåbær er fleirårige, opprette, treaktige buskar som oftast vert 1,5 - 2,5 meter høge. Kvart år veks det fram nye skot frå krona, og desse greinene lever i mange år. Blomsterknoppane vert danna om hausten. Buskane produserer modne bær ca. 2 månader etter blomstring. Avlingane har i dei beste felta i USA vore oppe i 2.800 kg pr. dekar. Hjå oss må vi nok vente langt lågare avlingar. 500 kg pr. dekar bør vera eit oppnåeleg mål i gode felt. Bæra vert vanlegvis frå 1-2 gram, til over 4 gram ideelle forhold.

Blabaer ukjent sort

Kvar i Noreg kan vi dyrke hageblåbær?

Dyrking av hageblåbær er ein ny kultur i Noreg. Den yrkesmessige dyrkinga er enda i ein oppstartingsfase. Noreg ligg lenger nord enn dyrkingsområda i Amerika og Europa. Men det gjer vi også når det gjeld andre frukt og bærslag, som morellar, bringebær og eple. Det som særpregar klimaet vårt er lange lyse sommardagar, ikkje så varme som lenger sør. Dette gjer at frukt og bær får lengre utviklings-tid her nord, noko som igjen har ført til større frukter og meir smak hjå t.d. morell. Vi vil tru dette også gjeld hageblåbær. Bæra modnar seinare enn våre vanlege hagebær som jordbær og bringebær. Vått, kaldt vêr i august-september vil gjere innhaustinga vanskeleg. Sjørok kan gje alvorlege sviskadar i ytre kyststrok. Midtre og indre fjordstrok i Sør-Noreg, og stader på Aust- og Sørlandet med milde vintrar, har truleg det beste klima for dyrking av hageblåbær. På stader med stabilt snødekke om vinteren, kan også kryssings-sortane mellom "high-bush" og "low-bush" klara seg rimeleg bra (sjå sortslista). Elles så må vi ikkje gløyma våre ville norske blåbær. Desse veks over heile landet. Ved å fjerna skog og ugras, samt jamna til overflata, kan kanskje hausting av ville blåbær mekaniserast, og avlingane aukast. Sjå ellers det som er skrive om kultivering av lowbush.

Krav til klima

Vi må fyrst slå fast at det går ikkje an å samanlikna klimakrava til hageblåbær med klimakrava til våre norske ville blåbær. Hageblåbær er ei sørleg plante og må handsamast deretter.

Sommarklima.

I amerikanske lærebøker vert det oppgitt at hageblåbær krev ein frostfri periode på 160 døgn (Gough, 1994). Men lengda på den frostfrie perioden er ikkje nok, vi må ha høg nok temperatur også. Innan temperatur-området 8 oC - 20 oC, vert dei biologiske prosessane fordobla når temperaturen stig med 10 oC. Varm sommar gjev fleire blomsterknoppar til neste år, større bær og betre vekst. I ei gransking gav temperaturar mellom 16 oC og 27 oC dobbelt så god fruktsetnad som temperaturar mellom 8 oC og 24 oC (ECK 1988). I ytre kyststrok vil vi ha meir enn lang nok frostfri periode, men mange stader vil sommaren her vera for kald til at bær og buskar får utvikla seg godt nok. Resultatet vert for sein modning, og dårleg kvalitet på bæra. Vidare får vi buskar som ikkje er herdige nok, og dermed meir utsette for vinterskadar. Låg temperatur om hausten, vil gje dårlegare blomstring året etter.

Vinterklima.

Det som truleg avgrensar dyrkingsområdet i Noreg sterkast, er vinterklimaet. Når tempera-turen om vinteren kryp under -20 oC, vil vi etter kvart få frostskadar. I kyststrok med varierande vintertemperaturar, vil kuldeskadar kunna oppstå også ved høgare temperaturar når mildver vert etterfølgt av kulde. Blåbær-plantene går ut or kvila når temperaturen stig over -2 oC i kviletida. Dei vil til ei viss grad gå i kvile att, når temperaturen igjen sig under -2 oC., men ikkje i same grad som fyrste gongen. Den basale delen, som forbind blomster-knoppen til skotet, inneheld væskefylte lommer, og er den delen av skotet som lettast vert skadd av frost i kviletida. Ofte viser blomsteranlegga ingen teikn på frostskade, men basis av knoppen er skadd. Denne typen skade kan ein sjå ved å skjera knoppen på langs, gjennom basis.

Vêret om våren

Når knoppane byrjar å svelle om våren, er det blomsteranlegga som lettast vert skadd av frost. Kor sterkt nye skot og blomstrar veks, er ofte avhengig av den kuldepåkjenninga dei har fått gjennom vinteren. Vårfrost, medan blomster-knoppen veks, kan og gje alvorlege skadar. Endeknoppen på skota, og endeblomsten på klasen, er den fyrst som vert skadd. Næringsinnhaldet i veksande skot bør vera optimalt, då dette reduserer eventuelle frostskadar. Dersom plantene skrantar, kan bladgjødsling med P, K, Zn, og stundom B, kvar veke til kvar 10. dag heile våren, redusere kuldeskaden eller hjelpa planta å koma seg etter frost. Kaldt og vått vêr i blomstringa vil redusera avlinga, fyrst og fremst grunna dårleg pollinering. Bier sluttar å flyge når tempera-turen sig under 10-12 oC.

Vekstsone


Tabell 1. Faktorar som verkar inn på herding av hageblåbær. Gough, 1994

Fremmar herdingHindrar herding/gjev lite herda planter

Lite nitrogen

Turr jord

Stort bladareal

Liten til moderat avling

God grøftetilstand

Mykje sol

Blada heng lenge på.

Fangvekst, kompost, grasdekke.

Høgt nitrogeninnhald i plantene

Våt jord

Svake skot og lite bladareal.

Stor avling

Vassjuk jord

Skugge

Tidleg bladfall

Reinkultur


Lokale klimatiske faktorar.

I område der dei generelle klimatiske vilkåra skulle tilseie at vi ville/ikkje ville lukkast med blåbær-kulturen, kan heilt lokale tilhøve snu opp ned på dette. Kaldluftselvar og kuldegroper må ikkje finnast i blåbærfelta. Området må vera så ope at kaldluft kan drenerast vekk. Tre og buskar på nedsida av feltet bør fjernast. Å planta eit lebelte mot den framherskande vindretningen, er aktuelt mange stader. Full dekking med sprinkler-vatning er svært effektivt til å redusere frostskadane, om ein har tilstrekkeleg med vatn. Ca. 6 mm med vatn kvar time vil hindra frostskade ved temperaturar over -7 oC. Sprinklersystemet må brukast samanhangande så lenge det er frost.

Hageblabaer frostvatning a

Tabell 2: Rangering av nokre sortar etter kor hardføre dei er. Gough, 1994

HerdigeMiddels herdigeLite herdige

Patriot

Northland

Meader

Bluecrop

Blueray

Herbert

Bluetta

Northcountry

Northblue

Northsky

Hardiblue (13-16-A)

Jersey

Earliblue

Collins

Berkely

Pemberton

Dixi


Stadeigne planter kan visa om hageblåbær vil trivast (fenologiske observasjonar).

Ved hjelp av fenologiske observasjonar kan vi vurdera kor gode dei lokale klima-vilkåra er for hageblåbær. Vi ser då på kva planter som veks på den aktuelle staden, eller i nærleiken. Desse observasjonane vil fortelje mykje om både sommar- og vinterklimaet. Tidlegare var hassel (Corylus avellana L.)mykje nytta som indikator-plante (FINN MÅGE, 1995).

Utvikling av hassel

Temperatur i

mai-september

Frukt og bærslag som kan dyrkast

Forslag til dyrkingsområde

for hageblåbær

Sparsam utbreiing.

Små buskar

Ca. 12 oC

Bærbuskar, surkirsebær, og lite

kravfulle epleslag

Fleire buskar. Større

buskar.

12,3-12,5 oC

Bærbuskar, eple, morellar,

plommer og pærer

Sortar av Half-High og

tidlege Highbush

Mange buskar. Store

buskar.

Over 13,0 oC

Kravfulle sortar, til og med eplesorten Gravenstein

Sortar av Half-high og

tidlege - middels tidlege

sortar av highbush