Forsøket er ein del av eit større prosjekt støtta av Norges Forskningsråd. Oslofjorden Frukt og bær er prosjekteiger, NIBIO og NLR Viken er viktige bidragsytarar i praktiske tiltak for å betra trehelsa.

Frukttrekreft

Sporehusa til frukttrekreft kan være godt synlege i kreftsåra på vinteren i Norge. Dei vil etter hvert skifte farge til mørkeraude. Når sporene er kasta vil sporehusene bli svartbrune og nedbrotne. Desse sporene kan gå langt, sjølv om smitte internt i treet er mest vanlig. For at sporene skal kunne infisere må det være sår i barken og fuktig.

Forebygging viktig

Skjæresår kan fungere som innfallsport. Såra brukar ei tid på sårhele seg etter beskjæring og i den perioden kan en få nye kreftinfeksjonar i trea. Difor er skjæring på vinteren best om det er mye frukttrekreft, når sporehusa fremdeles er intakte og det har skjedd liten sporespredning enda.

Plantevern

Oppsamling av koppar frå sprøyta tre viser at frigjeringa skjer langsomt. Sprøyting ei eller to gonger på hausten kan være tilstrekkeleg for beskytte plantedelar mot infeksjon av frukttrekreft.

Sporefelle

Det er satt opp sporefelle for å kartlegge tidspunkt for sporekasting i 'Discovery' felt med mykje frukttrekreft hausten 2017. Fella vart flytta til Foss gard i Lier etter eitt år og det vart då lagt ca 75 greiner med kreftsår kring fella. Metoden er den same som blir brukt i Tyskland. Telling av sporene er tidkrevjande og arbeidet er ikkje ferdigstilt endå.

Undersøkingar

Det er gjort registreringar i fleire felt, ulike sortar og alder på trea. Bladfallsperioden er interessant, sidan det seier noko om når faren for infeksjon er størst. Tilsvarande registrering er beskrive i Forsøksmelding 4/2014 og 7/2017. Det kan være gunstig å nytte koparpreparat Nordox 75 WG fleire gonger i bladfellingsperioden.

Les hele rapporten her

8 Bladfall og sporefangst av frukttrekreft
Sporehus fra sår med frukttrekreft. Dei er synlige med det blotte auge, men er lettere å sjå under stereolupe. Dei skifter farge frå raudt til mørkere farge når sporene blir kasta. Etterpå vil de bli svarte og tørke inn.