Epletre 1
Norsk Standard beskriv korleis eit tre skal sjå ut.

PLANTEMATERIALE EPLE

Import av plantemateriale fra andre land enn Norge gir behov for å forklare litt rundt de ulike begrepene som blir brukt og kva som er tilgjengeleg av plantemateriale til eple. Det er særlig landa Belgia og Nederland som har produksjon av plantemateriale som tilfredsstiller krava Mattilsynet stiller til oppalet og kontroll med karantenesykdommer.

Ferdig lager 1
Stort lager av ferdige frukttre. Bildet er i slutten av november, låg temperatur og høg luftfuktigheit er viktig. Foto: Gaute Myren i Helden i Nederland

Kva er ei grunnstamme?

Rota på trea har til oppgåve å ta opp vatn og næring frå jorda og transportere dette til andre organ i planta. Rota er og lagerplass for næring som kjem til nytte når trea kjem i vekst på våren. Om ein ringbarkar treet eller ved kraftig frostskade er det nettopp transporten ned i rota som blir for dårleg og treet vil døy påfølgjande vår. Rotvolumet kan være stort og vidt utbreidd på eldre tre, men i moderne plantingar vil mykje av røtene være i de øvste 20-50 cm i matjordlaget. Rota eller grunnstammen kan påverke viktige faktorar. Voksekraft, tidspunkt for vekststans, avmodning på hausten og evna til å tåle vinterfrost er viktige forskjellar mellom dei brukte grunnstammene.

Produksjonen av grunnstammer i utlandet skjer i såkalla morfelt og ein bruker ein tilhyppingsmetode for å få passe med rotmasse på stamma. De nye skota vil slå røter når det blir hyppa jord inntil. Sesongen startar tidlig på våren og ved aktiv brukt av gjødsling, jordflytting og stell vil ein få ferdige grunnstammer i løpet av en sesong. Når dei nye grunnstammene er hausta ved skjering tidlig på vinteren, står rotsystemet igjen som ein kan drive vidare på neste sesong. Normalt er grunnstamma 50-60 cm høg ved hausting. Vanleg levetid på morfelt er 10-15 år, men om feltet er friskt kan det bli brukt lengre. I Norge har overvintringa vore utfordrande og denne metoden har fungert dårlig. Det meste av den norske produksjonen har vore vevsformert som er ein tidkrevende prosess. Det kan fort ta 3-4 år å få laga ei grunnstamme og prisen vert deretter. I Norge blir grunnstammene sortert i henhold til Norsk Standard 4412.

Grunnstammebed 2
Grunnstammefelt til deKemp i Nederland. Bildet er i slutten av november og planlagt opptak var i januar. Grunnstammene har da falt alle bladene naturleg. Foto: Gaute Myren
Grunnstemmebed 3
Grunnstammebed i april. I dette feltet er grunnstammene skjært i november og veksten blir stimulert ved å ta bort jord og tilføre gjødsel på våren. Foto: Gaute Myren ved Gospodarstwo planteskole, Polen.

M 9

M 9 stammar frå East Malling i England vart utvald på 1920- talet. Dette er den mest nytta eplegrunnstamma i Europeisk fruktdyrking i dag. M 9 er svaktveksande. Grunnstamma gir tre som kjem tidlig i bering, har høgt avlingsnivå og god fruktstorleik. Rotsystemet er svakt og treet treng støttesytem. M 9 er sterk mot rothalsròte og virustolerant, men dannar lett luftrøter og rotskot. Stamma er middels vinterherdig.

Gjennom åra er det gjort fleire utval i M 9. Desse kallar vi klonar eller subklonar og skilnaden mellom dei er små. EMLA 9 er det opprinnelege utvalet frå East Malling. I Norge bruker vi i dag klonane RN 29 (frå Belgia) og Lancep (frå Frankrike) som òg går under namnet Pajam 1. RN 29 har noko sterkare vekst enn gjennomsnittet av M 9, medan Lancep er litt svakare enn gjennomsnittet. Den mest brukte klonen i vesteuropeiske planteskoler er T337. T337 vart funnen av Naktuinbouw (NAKB), Nederland i deira plantehelseprogram og har blitt veldig populær grunna at grunnstamma er meir hardfør. Nic 29 eller Cepiland frå Belgia er virusfri og fungerer også bra.

B 9

B 9 (M 8 x Malus niedwetzkyana) er russisk og lansert i 1978. Kan være bra på ein svak sort som Discovery om jordtilhøva er bra. Til middels sterktvoksande sorter som Aroma og Summerred fungerar den godt. Grunnstamma er svært vinterherdig og resistent mot rothalsròte (Phythopthora cactorum). B 9 dannar lite rotprimordiar, men set lett rotskot. Veksekrafta er noko svakare enn M 26 og trea er normalt ikkje så produktive som M 9. B 9 har kraftigare rotsystem enn M 9, men treng oppstøtting. Trea kjem tidleg i bering, gjev frukt av god kvalitet og generelt godt resultat til sortar og på lokalitetar der M 9 har for svak vekst.

M 26

M 26 (M 16 x M 9) vart valt ut ved East Malling i England i 1959 og var mykje brukt på 1980- 1990- talet i norske frukthagar. Veksekrafta ligg mellom M 9 og MM 106, men varierar noko avhengig av eplesort og jordtype. Rotsystemet er middels kraftig. M 26 er produktiv, gir god fruktfarge og fruktstorleik, men kan vekse for kraftig i tettplanting. Grunnstamma er utsett for danning av rotprimordiar (luftrøter) og gir mange rotskot. Svært utsett for pærebrann og moderat utsett for rothalsròte. Vinterherdig, men følsam for virus.

MM 106

MM 106 (Northern Spy x M 1) vart lansert frå East Malling i England i 1925 og har tidlegare vore mykje nytta i norsk fruktdyrking. Veksekrafta er generelt for stor, men stamma kan være aktuell til svakveksande sorter som Discovery i felt med tidligare epledyrking. Utsatt for rothalsròte og mindre herdig enn M 26 og B 9. Går seint inn i vinterhvile. Dannar lite rotprimordiar og få rotskot. MM 106 er produktiv til svaktveksande sortar, men gjev mindre frukter og ofte dårlegare farga og meir langstrakte eple enn på samanliknande stammer. Kjenslevar for virus.

Andre stammer:

Mark – MAC 9

Mark eller MAC 9 grunnstamma er aktuell for stader med kalde vintrar som innlandet i Finland. Minst ein planteskole med levering til Norge kan levere denne stamma. Veksekrafta er omtalt som midt mellom M9 og M26, men i enkelte forsøk har stamma vist svaktveksande tendensar, andre att meir kraftigvoksande. På stader utan tidligare epledyrking kan den veksa for sterkt, men som replanting i felt med lang eplehistorikk kan den fungerer bra. Den skal bla vera sterk mot rotnematoder som ein kan ha i felt som har tidligare vorte brukt til eple.

Mark kjem frå eit amerikansk grunnstammeprogram, som vart kryssa i 1959. Den vart så rensa, patentert og vart tilgjengelig for dyrking i 1986. Mark er tolerant overfor Phytophthora , men svak overfor pærebrann og blodlus. Dei to siste utfordringane har vi ikkje hatt problem med i Norge, men rotsjukdommen Phytophthora kan oppstå under fuktige forhold.

Grunnstamma kan danne rotklumpar eller tumorar. Frå disse tumorane kan det komme rotskot. Årsaka til dette fenomenet er ukjent, men det kan medføre ujamn vekst i trea. Rotklumpane kan oppstå i jordlinja eller gå nedover alt etter vekseplass. Dette fenomenet har gjort at mange går bort fra å bruke grunnstamma, men i enkelte dyrkingsområder er det ikkje problem i det hele.

Tumor 5
Rotklumper eller tumorer i et finsk grunnstamme tt4. Årsaken til tumoren er uklart. Foto: Fredrik Bjørklund.

Geneva

Geneva serien er fra Cornell Univirsitetet i staten New York i USA. G30 er ein kryssing mellom Robusta 5 x M9. Veksekraft er som M26. Fordelen med stamma er at den er resistent mot pærebrann og høver godt på jord med tidligare epledyrking. Det er utfordrende med å få samangroingen ved poding godt nok i enkelte sorter. Veksekrafta har også vært variabel. Kuldesterk og resistent mot Phytophthora og blodlus.

P 1, P 2, P 22 og P 60

Polske grunnstammer og enkelte har vore prøvd i forsøk i Norge. I Polen er P22 og P60 mykje brukt, men dei er ikkje vurderte som noko alternativ i Norge.

M 7

M 7 vart valt ut ved East Malling i 1912, veksekraft som MM106 og sterk mot rothalsråte. Lite brukt i norsk fruktdyrking.

Antonovka

Russisk grunnstamme, kraftigveksande og svært hardfør. Blir brukt til hobbyhagar.

A 2

Svensk, kraftigveksande og lite produktiv grunnstamme. Resistent mot rothalsròte. Blir brukt i hobbyhagar.

Mellomstamme til eple

Under norske tilhøve har det vore lite aktuelt å bruke mellomstamme. Tidligare vart mellomstamme brukt der ei frosttolerant grunnstamme var sterktveksande og hadde behov for vekstbrems. Såleis fekk en tre som voks svakare og tålte vinterkulda. I andre tilfelle så var utfordringa at sort og grunnstamme voks dårlig samman.

Med importering av plantemateriale er på ny bruk av mellomstamme svært aktuelt. Ofte blir Golden Delicious bruk som mellomstamme, men også Summerred vert nytta. Fordelen med mellomstamme er meir jamn vekstekraft og lettare å få setting av sidegreiner. Nokon planteskolar meiner frukttrekreft ikkje går så lett på mellomstammer, sidan det blir brukt hardføre sortar. For planteskolen er det også en fordel å kunne pode inne i vinterhalvåret store seriar med samme sort og så kan sortsvalget verta teke på hausten. Sorten blir då okulert inn ute på feltet og ein utnyttar kvistmaterialet betre.

Tre 6
Plantefelt i St Truiden i Belgia. Plantefeltene er alltid på ny jord. Feltet på bildet er 700 m langt og trea står på 20-30 cm. Disse trea skal avblades om nokre veker og tas opp før telen kommer i bakken. Foto: Gaute Myren
Opptak 7
Opptaksmaskin for frukttre. Treet får et skjær under seg og samtidig blir stamma løfta i eit belte. Treet blir transportert opp til ein tilhengar der trea blir sortert manuelt. Foto: Gaute Myren, Zdzary i Polen.

Lagring av plantemateriale

Opptak av ferdige planteskoletre skjer ofte seint på høsten, men føre telen kjem. Områda som blir brukt som planteskole har lett jord der ein kan ta opp trea sjølv under våte og nedbørsrike periodar. Føre opptak blir trea ofte kjemisk avblada, slik at det kjem minimalt med lauvverk inn på kjølelageret. Avbladinga kan medføre større sjanse for frostskade om dei blir planta ut same året. Trea blir sortert ute i felt og ofte blir de emballerte 5-10 stk i saman i juletrenett. Disse vert så lagt annankvar veg på ein transportpalle med 400-500 tre og køyrt til kjølelager. På kjølelageret blir dei lagra med 1-4 C grader og høg fuktighet i lufta.

Lager 8
Etter opptak blir trea lagra i pallereolar. Ulike sortar får forskjelleg oppbevaringsmåte alt etter voksemåte og kor kraftige dei er. Foto: Gaute Myren hos Gospodarstwo planteskole, Polen.

Når trea skal ut til produsent er det viktig at trea ikkje bryt eller at dei turkar ut. Det beste er dermed at trea kjem rett frå planteskolen til plantestaden. Blir det stopp på vegen, er det viktig at kjølinga blir oppretthalde. Skal ein ta imot trea etter opptak i november, er det viktig å passe på fuktigheit og temperatur heile vinteren. Trea har ein del sår spesielt i rota som produserer etylen. Enkelte planteskolar er opptatt av å fjerne etylen for å hindre skade på trea og det blir skifta luft ofte på lageret. Samlagring med andre vekstar er frårådd og eit eplelager med mykje etylen er særleg lite egna. Utlufting er viktig før ein plasserer inn plantemateriale på lager som har hatt andre vekstar lagra tidlegare i sesongen.

Kvalitetssortering

Trea blir alltid sortert etter opptak på høsten. Det er norsk standard for fruktre. Det er ingen internasjonal standard på området, men ei tilpassa standard til kvar enkelt planteskole. Dette kan virke forvirrande som trekjøpar. Klimaet treet har vakse under kan variere og trestørrelsen kan dermed variere frå samme produsenten. Kjølege tilhøva som i år 2015 vart trea mindre enn året før som hadde høgare sommartempertaur. Idealtreet skal ha sidegreiner i 70 cm høgde, jamt fordelt rundt hovedstamma og med ein klart dominerande hovedstamme. Kva som blir definert som sidegreiner vil variera, men ofte er det greiner lengre enn 20 cm , ofte 30-60 cm lange.

Prisen for eit tre vil variera med tal greiner. Typisk sortering er 6+, 4-5, kortgreiner (shortfeatherd) og ingen greiner (unfeatherd). Dei to siste vil være billigare, sidan ein eigentleg kjøper ei kraftig piske der mykje av røtene blir igjen i planteskolen. Med sortering og godt stell ved utplanting kan ein få fine felt likevel. I andre system kan ein bruke bokstavsystem. AA er den beste kvalitet, men det blir i tillegg plukka ut AA+ eller AAA om dei som har ekstra god kvalitet. Dette kan tilsvare 6+ i det andre systemet.

NS tre
Hentet fra Norsk Standard 4403.

Knip eller ikke

Poding skjer inne på vinteren; der grunnstamme og 3-4 øyer er med på en kvist. Treet blir oppbevart på kjøl fram til laglig jord i mars-april. I løpet av sommeren vokser treet til rundt 140 cm høyde. For å få best mulig overvintring blir det ofte toppen på 100 cm. I januar-februar vil treet bli knipt eller klipt i rundt 70 cm høyde. Det nye hovedskuddet blir ledet oppover; alt annet blir fjernet. Treet blir stammet opp med stålstokk eller bambus, så blir det sprøytet gibberlin på knoppene for å få mest mulig sidegreiner. De nye sideskuddene vokser ut fra bladarrene over knipstedet. I løpet av sommeren blir dette et tre på knapt halvannen meter som i prinsippet er et ferdig tre.

Pris

Prissettinga er avhengig av fleire faktorar. Både kvalitet og eplesort vil ha innverknad på treprisen. Når vi skal ha "norske sorter" må vi regne med at produksjonen blir dyrare. I tillegg til planteprisen vil det i tillegg koma frakt til Norge, kjølelagerleige i utlandet og/eller i Norge og evt sortslisens. For sortane Amorosa/Orelind eller Santana vil det fort koste 0,5-1,0 euro ekstra i sortsavgift.

A transport
Transport av tre. Zdzary, Polen. Ved mottak er det viktig å sjekke trea for transportskader. Meld frå til selgjar om avvik frå bestilling snarast råd.