Hausten

Fallande temperaturar og kortare daglengder startar danning av blomsteranlegg i jordbær og bringebær rundt månadsskiftet august-september her i landet. Denne reaksjonen i planta er eit samspel mellom daglengde og temperatur. Sjølv om dagane er lengre vil reaksjonen starte om lag på same tid i Nord-Norge som Sør-Norge, fordi temperaturane i nord er litt lavare. Faktorar som bremsar den vegetative veksten vil stimulere til danning av blomsteranlegg. Ein varm august vil derfor føre til utsett danning av blomsteranlegg, færre blomsteranlegg og dermed redusert avling året etter. Dette kan gi tydelege utslag for jordbær. Det er ei ulempe med for høg augusttemperaturar, men derimot er det ein fordel med relativt høge temperaturar i september. Kombinasjon av lave augusttemperaturar og høge septembertemperaturar er det som gir best avling (tabell 1).

Innvintringa seint på hausten har stor innverknad på overvintringsevna til fleirårige vekstar, men samanhengane er kompliserte. For jordbær er det uheldig om det startar med langvarig kulde tidleg på hausten. Truleg er det best med langsamt fallande temperaturar for dei fleste artar. For dei fleste planteartar er det viktig at dei har ein høveleg væskebalanse når vinteren kjem. Ut frå klimadata og avlingar for fleire artar ser det ut til at det er verst om det er for tørt når kulden kjem.

Klimaendringane viser seg først og fremst som aukande temperaturar på lang sikt. Utslaget av klimaendringane kan vere ulikt til ulike tider på året og ulikt etter kva temperaturvariabel ein ser på. I Tafjord har det vore gode klimaregistreringar i snart 100 år. Det ser ut til at maksimumstemperaturane aukar meir enn middeltemperaturane i denne perioden. Aukande augusttemperaturar kan vere negativt for jordbæravlingane, medan aukande september temperaturar heller er positivt.

Lave middeltemperaturar i september (under 11,5 C)Høge middeltemperaturar i september (over 11,5 C)
Lave maksimumtemperaturar i august (under 25 C)103 %111 %
Høge maksimumstemperaturar i august (over 25 C)88 %93 %

Tabell 1. Jordbæravlingar i % av normalavling i Valldal i høve til temperaturar i august og september (avlingstal frå Valldal Grønt AS).

Vinter

Fleirårige vekstar som frukt og bær er utsett for vinterskade i større eller mindre grad. Årsakene er som regel veldig samansette. I jordbær er det heilt klart berrfrost som gjer størst skade. Ofte er det då ein kombinasjon av kulde og uttørking. Vinterskaden er ikkje enten eller, men meir gradvis. Jordbærplanta kan ta skade allereie ved -5 C. Lengda på ein kuldeperiode er gjerne avgjerande, men også skiftande mildvêr og kulde gir større skade.

Jordbærplanta er utsett for uttørking, og dekking med duk reduserer vinterskaden i stor grad. Ein tynn klimaduk har lita isolasjonsevne, men gir høgare luftfuktigheit og kan redusere temperatursvingingane. Også halm og svart plast vil vere med på å redusere uttørkinga.

Snødekke er sjølvsagt beste vinterdekkinga for jordbærplantene. Det skal ikkje så tjukt snødekke til før ein får stabil temperatur rundt null og god luftfuktigheit under.

Bringebær og vinterskade

Også bringebær er utsett for vinterskade, men på ein heilt annan måte enn jordbær. Bringebærplanta stikk som regel over snøen. I tillegg er det uråd å dekke bringebærplanta om vinteren. Bringebær toler mykje lavare temperaturar enn jordbær, berre temperaturane er stabile.

Ut på seinvinteren og våren er bringebærknoppane ute av kvile. Høge temperaturar, gjerne i kombinasjon med solskin, vil vekke knoppane til live. Dei begynner å svelle og trekke opp vatn. Påfølgjande frost kan øydelegge knoppane. Ein grad auke i maksimumstemperatur i februar kan redusere bringebæravlingane med 20 kg/dekar eller ca. 2,4% (tilskotsstatistikken for Vik kommune i Sogn). Skilnaden mellom år med høge og lave temperaturar i februar kan då vere opp til 200 kg/dekar.

Vinterskade i bringebaerfelt
Vinterskade i bringebær etter vekselvis høge og lave temperaturar i mars. Dei fleste knoppane på berande skot er øydelagde, men det kjem godt med nye skot.

Mildare og kortare vintrar pga. klimaendringar er ein fordel for overvintringa, medan f.eks. meir vekslande temperaturar er uheldig. Høgare maksimumstemperaturar på seinvinteren kan vere svært skadeleg for bringebær. Meir ustabilt snødekke er uheldig for overvintringa i jordbær. Tilsvarande har vi sett i morell og plomme, høge temperaturar allereie i januar-februar kan redusere avlingane.

Figur Klima 1
Årshjul med ei forenkla framstilling av klimaverknader i bringebær.
Figur Klima 2
Årshjul med ei forenkla framstilling av klimaverknader i jordbær.

Vår - sommar

Vår og forsommar er ei fin tid med blomstring i bær og frukt, men blomsten er også den mest sårbare delen av planta. Bærplantene blomstrar seinare enn frukt og er derfor mindre utsett for frost. Plomme og morell blomstrar tidleg og er lettare utsette for frostskade i blomsten. Pollineringa i frukt er også svært avhengig av fint ver og bra temperaturar.

Ofte ser ein enkelte svarte blomster i jordbær pga. frost, men det er sjeldan at dette utgjer stor avlingsskade hos oss. Innlandet har større temperaturvariasjon mellom dag og natt.

Jordbær og bringebær på friland er utsett for gråskimmelsmitte i blomstringa. Spreiing av soppen er størst når det er varmt og fuktig i blomstringa. Mange små regnbyer er verre enn få og kraftige. Ser ein på klimadata, er det derfor talet på regndagar under blomstring og modning som viser tydelegast samanheng med gråskimmelangrep. Bærvekstane treng mykje vatn for å yte. Derfor kan regn også verke positivt på avlingane.

Uheldig samanheng

Når ein ser på samanhengen mellom klimadata og bringebæravlingar, viser det seg at det er ein klar samanheng mellom høge junitemperaturar og lave avlingar. Dette er tydeleg for fleire område i Sogn og Fjordane. Ein grad auke i juni middeltemperatur gir ca. 35 kg/dekar nedgang i avling. For tala frå Vik kommune betyr det ein skilnad på 200 kg/dekar frå høgaste til lavaste junitemperatur. Det kan vere ulike forklaringar på dette. Kanskje vert det rett og slett vatna for lite når det er varmt. Ei anna forklaring kan vere at vinterskadde planter vert stressa når det er varmt. Ofte kan ein på denne tida sjå at det dukkar opp gule blad på skot som på ein eller anna måte er skadde.

Klimaendring gir høgare temperaturar på våren og tidlegare blomstring, men det gir ingen garanti for at ein ikkje kan få nattefrost. Statistikk over klimaendringane tyder heller på at det vert større skilnad mellom maksimumstemperatur og minimumstemperatur. Maksimumstemperaturane er det som startar blomstringa, medan det er minimumstemperaturane som gir skade.

Sonsation jordbaer
Jordbær på friland kan ver utsett for mykje regn på våre kantar. Sorten "Sonsation" ser ut til å ha klart seg utan gråskimmel eller lerrote.

Sjukdommar og skadedyr

Sjukdommar og skadedyr er sjølvsagt også sterkt avhengig av klimaet. Som nemnt ovanfor er gråskimmelsmitten verst når det er varmt og fuktig. Under tak er det ikkje nedbør og derfor er det lite problem med gråskimmel. Mjøldogg og midd trivst derimot best når det er varmt og tørt, desse er derfor verre i tunnel eller veksthus. Mjøldogg er så avhengig av tørt ver at behandling med reint vatn er eit godt tiltak mot mjøldogg i jordbær under tak. Eit par minutt spreiarvatning 3-5 gongar for dag kan vere eit effektivt tiltak.

Insekt og midd er svært temperaturavhengige. Dei er nærmast i dvale ved lave sommartemperaturar, medan dei er svært aktive i varmen. Det kan derfor vere stor forskjell i angrepsgrad i varme og kjølige sommarar.

Tunneldyrking av bær

Flyttar ein bærplantene under tak vil ein normalt få større avlingar og mindre avlingsvariasjon, sjølv om dei same fysiske og biologiske lovene gjeld også der. Dersom ein har ein eittårig kultur med remonterande sortar, vil klimareaksjonane på mange måtar vere ulik det vi har med ein fleirårig kultur på friland.

Dersom ein har tunnelar som er opne på sidene og i endane, vil det vere liten temperaturskilnad ute og inne. Den store skilnaden er at det ikkje regnar under tak. Plastfolien som er brukt på tunnelane, reduserer lysmengda med 10-40 %; mest i gammal plast.

Plasten vil elles spreie lyset og gi eit meir diffust lys enn på friland. I skarp sol er det truleg ein fordel at ein får eit meir diffust lys under plasten. Skarpt sollys er ikkje alltid ein fordel for plantene, i mange veksthus er det installert skuggegardiner for å redusere sollyset på klarversdagar.

Figur 6 Tunneljordbaer Aksel
Bær under tak bergar seg for regnet og er mindre utsett for gråskimmel.

Takk

Prosjektet «Klimaverknader, klimaendringar og prognoser i bær, potet, grønsaker og korn» er finansiert av Møre og Romsdal Fylkeskommune.