Synleg skade av vinden, som knekte greiner og skot, og avling som hamnar på bakken, er lett å legge merke til. Vind kan likevel få negative følgjer lenge før slike skadar vert synlege. Allereie ved vindhastigheit over 1 m/s vil dei fleste planter stenge spalteopningane for å hindre uttørking. Ved stengde spalteopningar klarar ikkje planta ta opp så mykje CO2 som ho treng i fotosyntesen og produksjonen av karbohydrat går ned. Under langvarige periodar med vind kan det også verta mangel på enkelte næringsstoff, sidan opptak av desse er avhengig av vasstransport i planta.

Eit lebelte kan bestå av levande planter eller av anna materiale. Leplantingar er meir haldbare og passar betre inn i landskapet, men treng tid på å etablera seg og veksa til rett høgd. Ei leplanting vil dessutan trenga jamleg vedlikehald. Dømer på andre konstruksjonar kan t.d. vere eit vindnett eller levegg. Slike vil gje effekt med ein gong dei er sett opp, men er dominerande i landskapet og har kortare levetid. Vindnett er som oftast laga av plast og er festa i stolpar, som eit gjerde. Slike nett har som regel avgrensa haldbarheit og er kostbare. I nokre tilfelle er vindnett berre aktuelt i ein overgangsperiode til leplantinga har etablert seg. Noko meir haldbart er ein levegg av tre, beståande av stolpar og liggande lekter eller plankar av egna materiale.

Vindvern er i dag lite brukt i områda rundt Oslofjorden. Dette kjem i stor grad av at området har eit kupert landskap med små frukt- og bærfelt som gir naturleg le dei fleste stader. Enkelte område er likevel utsett for vind og kunne hatt god nytte av vindvern.

For dei som ønskjer å lære meir om korleis vindvern i form av leplanting, lebelte, vindnett eller levegg bør etablerast, har NLR Viken i 2021 utarbeidd eit informasjonshefte. Her finst det mellom anna god informasjon om val av artar, artssamansetjing, utforming og skjøtsel til ei leplanting.