Fruktbar jord. Delrapport 2018

11.02.2019 (Oppdatert: 11.02.2019) Ane Harestad

Vi har i vekstsesongen 2018 registrert arbeid og erfaringar med overflatekompostering i Randaberg.

Fresing for overflatekompostering, Randaberg 1. juni 2018. Foto Ane Harestad.

Regenerativt jordbruk

Regenerativt jordbruk har som mål å gjenopprette ei sunn og fruktbar matjord. Metodane og tankegangen har sitt utspring frå økologisk landbruk, der å tilbakeføre ein stor del organisk material til jorda er ein viktig faktor. Overflatekompostering er ein teknikk for å tilbakeføre organisk materiale til jorda samt at det også er ein teknikk for pløyefritt jordbruk. Dette er teknikkar som er aktuelle både i økologisk og konvensjonelt jordbruk, og er lite utprøvde i området vårt.

Ferment, fresing og såing

Tilføring av ferment og fresing vart gjort samstundes og umiddelbart etter beitepussing av langt gras 1. juni. Svært tørt verforhold 1. juni var godt for jordarbeidinga, men kan ha vore uheldig for fermentet.

14. juni, to veker etter tilføring av ferment og fresing, vart arealet sådd med frøblanding av rug, eitt- og toårig raigras, perserkløver, fôrvikker, bokkveite og fôrreddikk. Det kom regn rett etter såing, og det spirte godt. Særleg rugen kom fort og dekka godt. Vidare utover vart det svært tørt, og veksten stoppa opp. Arealet vart hausta 19. oktober og rundballa.

Les meir på Delrapport 2018 NLR Rogaland Fruktbar jord.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.