Gartnerivandring på Fogn 2. juni 2016

19.07.2016 (Oppdatert: 23.01.2017) Helga Hellesø

Dei fleste tomatdyrkarane ønskjer å dyrke spesialtomatar.

Interesserte tomatdyrkarar høyrer om produksjonen til Helene Bø. Foto: Eirik Stople (Bondevennen).

Denne artikkelen ble publisert i Bondevennen nr. 23/24 - 17. juni 2016, og kan leses i orginalformatet her.
Journalist/foto: Eirik Stople

Perletomat er den nye slageren

Torsdag 2. juni arrangerte NLR Rogaland gartnerivandring for tomat- og agurkdyrkarar i Rogaland. Ca 30 produsentar frå dei ulike dyrkingsmiljøa i Rogaland var med. Vi besøkte tomatprodusentane Helene Bø og Ståle Runestad, på Fogn i Finnøy kommune, og avslutta med eit besøk på det nye tomatpakkeriet på øya.

Dyrkar spesialtomat
– For oss er det første året med perletomat, av sorten Agelle, fortel Helene Bø. Ho tok over gartneriet på heimegarden i 2007 og har tilsaman 10 dekar veksthus med tomatproduksjon, fordelt på typane; perletomat, 5.000 m2, miniplomme, 1.000 m2, og 3.300 m2 med vanlege runde tomatar. Ho har eige oppalshus og sår dei første tomatfrøa i desember. Perletomatane blir poda på ei  sterktveksande grunnstamme, for å styrke veksekrafta til den seintveksande tomattypen.
– Vi kjøpte poda planter i år, men vil etter kvart utføre podinga sjølve, fortel tomatdyrkaren.

Produksjonen gjennom året
– Vi planta ut i februar / mars og var i gang med haustinga ca 10. april. Typane perle- og miniplomme kom først i bering. Huset med miniplomme har tilleggsbelysning. Vi haustar fram til slutten av oktober, fortel Helene. Dei norske tomatane har eit visst importvern i perioden 10. mai til 10. oktober.

Første år med perletomat
– Produksjonen av perletomat har gått greitt, den var godt planlagd og vi er fleire dyrkarar som har same opplegget. Det var Håvard Skavland, frå Talgje, som var først ute med introdusere peletomat, fortel Helene. 
Denne tomattypen er meir arbeidskrevjande å hauste enn vanlege runde tomatar, og krev litt anna temperaturstyring og gjødsling. Perletomtene blir pakka i 175 grams plastkoppar på det lokale  pakkeriet på Fogn.
Helene er godt nøgd med økonomien i denne produksjonen. Ho får tilnærma fast pris gjennom heile sesongen, til forskjell frå vanlege runde tomatar, som blir prissett kvar veke med utgangspunkt i importprisen. Det mange ikkje veit, er at innkjøp av humler for pollinering er ein stor kostnad. Sjølv kjøper Helene humlebol for 100.000 kroner i året.

Produksjon som krev høg kompetanse
Det er vanleg at tomatgartnarane har ein fast rådgivar. Helen har besøk av Henk Maessen, frå Nibio Særheim, kvar 14. dag og i tillegg har ho ein dansk rådgjevar som er ekspert på perletomat.
– Ved kvart besøk går vi gjennom tomatkulturen, og gjer nødvendige justeringar av klima, gjødsling og anna. I tomatdyrking er det viktig å observere og fylgje med. Det er utruleg mange ting ein må ha styring over i eit veksthus, fortel Helene. 

Produsent og bedriftsleiar
Helene Bø er bedriftsleiar med 11 tilsette i hovudsesongen. Dei tilsette kjem frå Polen, Litauen og Latvia. Det er ikkje problem med å skaffe folk. 
– Eg synest det er veldig kjekt og interessant å vera bedriftsleiar og tomatprodusent. Som tomatprodusent har eg enorm stor påverknad på resultatet og det er spanande å vera bedriftsleiar, men det kan også by på utfordringar. Eg likar å besøke andre produsentar, både her heime og i utlandet, fortel Helene.
Ho skryt av fagmiljøet på Fogn. Med felles pakkeri på øya har vi ein fagleg og sosial møteplass. 
– Eg kan ikkje ta fri om sommaren, men familien reiser alltid på haustferie, avsluttar Helene Bø.

Perle- og coctailtomat hos Ståle Runestad

Neste stopp på gartnerivandringa var hos Ståle Runestad, som er nabo til Helene Bø.
Ståle har 5.400 m2 under glass. Han dyrkar perletomat i ei blokk på 3.100 m2 og har 2.300 m2 med cocktailtomat, der han har installert tilleggslys. 
Ståle kjøper halfabrikata småplanter og tar siste delen av planteoppalet i eige hus med vekstlys. Han fortel at perletomata Agelle, har ei stamme som er tynnare enn ei fyrstikke når den blir poda. Plantene er sårbare den første tida etter poding og er då avhengige av å stå i eit telt med 100 prosent fuktigheit. Han tek opp heile 5 toppar (stenglar) frå kvar plante.

Mange blomar per m2
Når ein dyrkar perletomat ønskjer ein splitta klase for å få mest mogeleg blomar og tomatar per m2. Dette stimulerer ein til med ei kraftig temperatursenking, ein såkalla temperaturdropp, om  kvelden. Ståle har rekna ut at det til ei kvar tid er ca 120 blomar per m2 som treng pollinering i veksthuset.
Difor er det eit ekstra stort behov for humler i denne produksjonen. Ein tilleggseffekt av temperaturdroppen er at den har ein positiv effekt på storleiken til tomatane. 
–Ved å midlertidig senke temperaturen oppstår det ein temperaturdifferanse mellom blad og tomat som medverkar til at meir av næringsemna blir transporttert frå blada og over til tomatane og resultatet blir større tomater. Me kjører også med ein «morgendropp» som dempar lengdeveksten, det same som skjer ute i naturen, fortel den erfarne tomatdyrkaren.

Eit løft
– Det er klart at det har blitt eit løft for oss å ta i bruk nye tomattypar som det er god etterspørsel etter i marknaden. Mange av dei nye typane har ei anna forbruksområde enn dei tradisjonelle typane, fortel Ståle Runestad.

Få mer muleg igjen for pengane

– Vi må utnytte «teameffekten» hjå nytteinsekta, det at dei har ulike eigenskapar og kan angripe same skadegjerar på ulik måtar, sa Annichen Smith Eriksen, frå Norsk Landbruksrådgiving Viken, på fagmøtet etter gartneribesøka.
Eit døme på dette er å kombinera bruken av gallmygg og rovmidd mot spinnmidd. Rovmidden er avhengig å bli plassert ut i kolonien, der middangrepet er. Gallmyggen flyg og oppsøker midden, uavhengig av kvar den er. Det er berre å ta av lokket så utfører gallmyggen resten av jobben.
Det økonomisk fornuftig å kombinere bruken av nytteinsekta. Sjølv om gallmyggen er fem gonger dyrare enn rovmidd, er den også fem gonger så effektiv, sa Smith Eriksen. 
Andre nytteinsekt som ein med fordel kan utnytte kombinasjonseffekten av, er rovtege (Orus) og tripsrovmidd mot trips i agurk. Rovtega tek tripsen i alle stadium, mens trisprovmidden berre et første nymfestadiet.
– I år skal vi heia på nytteinsekt som jobbar i team, utfordra NLR rådgivaren. 

- I år har det gått lett

– Så langt har dyrkinga generelt gått lett, med lite behov for rådgiving. Vi ser ein tydeleg effekt av at det har vore 10 prosent meir lys enn i eit normalår, summerte rådgivar og forskar ved Nibio Særheim, Henk Maessen, og held fram.
– Vi ser litt gråskimmel, men det meste er under kontroll. Tomatplantane ser veldig bra ut, det har ikkje vore vidare problem med næringsopptak. I år ventar vi ei bra avling, sa rådgivaren.
Han understreka nødvendigheita av god lufting og å vatne etter behov. Vatningsbehovet kan variere frå 1-10 liter per døgn og m2, alt etter vêret.
– I dårlig vêr blir det ofte vatna for mykje, sa Henk. Han understreka at det er viktig å ha kontroll på temperaturen.

Nytt tomatpakkeri

Tomatdyrkarane på Fogn har nyleg teke i bruk nytt pakkeri med tre sorteringslinjer. Ei linje for pakking av runde tomatar, ei for flow pakking av cocktailtomatar og ei for pakking av perletomat. Ståle Runestad er nyvalt leiar i andelslaget.
– Pakkeriet har 13 eigarar og vi er 8 aktive produsentar som leverer tomatar til pakkeriet, fortel Ståle.
Nybygget, på 40x18 meter, består av ein pakkeavdeling og ei kjøleavdeling. Pris på nybygget, inklusive ny pakkelinje, blei 5 millionar kroner. Dei fekk 1,2 mill. kroner i tilskott frå Innovasjon Norge.
– Bygginga gjekk svært raskt. Vi starta med å montere elementa den 4. mars og tok i bruk bygget den 15. april i år. Og husk å få med at alt arbeidet er gjort av lokale firma og entreprenørar frå Finnøy kommune, avsluttar Ståle Runestad.

Konkurrerer mot import

– For agurk er det ein viss vilje hos kjedane til å gi ein meirpris (preferanse) for norsk vare. I tomat ser vi ikkje same vilje vil til å betale ein meirpris for norsk produksjon, sa Bjarte Åsbø i
Grøntprodusentenes samarbeidsråd (GPS).
Tre veker inn perioden med tollskjerming, låg produksjonen av runde tomater 100 tonn over fjoråret og klasetomater 30 tonn over 2015 sesongen. 
– Også i år har situasjonen vore prega av store importvolum i overgangsfasen, med forskyving av levering av norsk vare. Eg trur likevel at tida med spekulasjonsimport er forbi, sa Bjarte.
Det generelle bildet er at økonomien i produksjon av runde tomatar er for dårleg.
– Her er det berre eitt svar, vi må produsera ei vare som skil seg ut frå importen, og då er det kvalitet eit av dei viktigaste argumenta, synleggjering eit anna. Ei av utfordringane er at desse tomatane blir hausta for tidleg og ligg for lenge på lager. 
Vi har sett ein aukande tendens til oppbygging av bufferlager på pakkeria og hos produsentane, sa Bjarte.
– Å skape preferanse for norske tomatar er ein lang prosess, som må begynne nå, sa Henk Manssen.
Åsbø forventa ein avlingstopp dei komande vekene med ein norsk produksjon på ca 400 tonn i veka for runde- og klasetomater. 
Arealet av spesialtomater er nå vesentleg større enn arealet av vanlege runde tomartar, jfr. tabell nr 1.

      



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.