Giftige planter i beite

29.06.2020 (Oppdatert: 03.07.2020) Lars Kjetil Flesland

Nokre av plantene vi finn på beite kan væra giftig for husdyrene våre. Nokre er giftige for alle, medan andre er særleg problematiske for nokre dyreslag. I denne artikkelen har vi sett opp dei vi trur er viktigast her i Rogaland.

Landøyda er eit giftig ugras, særleg for hest og storfe. Foto: Lars Kjetil Flesland

Først vil vi minne om at dei vintergrøne hageplantene vi særleg er redde for om vinteren, ofte er like giftige no om sommaren. Så hald beitedyra for all del utafor hagen! Du kan lesa meir om giftige hageplanter her: https://rogaland.nlr.no/fagartikler/forgiftning-hjaa-husdyr-fraa-vintergroene-planter/

Pyramidelyng (Pieris japonca). Foto: Lars Kjetil Flesland

Engsoleie (Ranuculus acris) er den vanelgaste av dei giftige plantene på beite. Men smaken er slik at finn beitedyra beitegras vil dei normalt ikkje beite på soleia. Men vi har erfart at halvdaude soleieplanter etter sprøyting kan bli særleg sterkt beita (endra smak?). Vær difor nøye med å halda sprøytefristen der det er soleie på beitet! Les meir om bekjemping av soleie her: https://vest.nlr.no/media/ring/1044/Aukse/Faktaark%20engsoleie.pdf

 

Engsoleie (Ranunculus acris). Foto: Lars Kjetil Flesland

Revebjølle (Digitalis purpurea). Revebjølle er også av dei vanlegast giftplantene hjå oss. Heldigvis er det slik at smak og lukt forhindrar beiteing, - når det er nok beitegras elles. Annlaug Fludal har skrive ein fin artikkel om revebjølle. Den kan du lese her: https://rogaland.nlr.no/fagartikler/revebjelle-vakker-men-svaert-giftig/

 

Revebjølle (Digitalis purpurea). Foto: Lars Kjetil Flesland

Landøyda (Jacobaea vulgaris) og Dikesvineblom (Jacobaea aquatica) er to svært like planter, der det er Landøyda som veks hjå oss. Landøyda er særs giftig for ku og hest, ikkje i like stor grad for sau. NLR Agder har skrive ein god artikkel om bekjemping av landøyda: https://agder.nlr.no/fagartikler/landoeyda/

 

Landøyda (Jakobea vulgaris). Foto: Lars Kjetil Flesland

Rome (Narthecium ossifragum) er mest kjent for å gje aveld hjå sau. Planta veks på våte, næringsfattige stader, og normalt berre problem i utmark, - og helst i tørre år. Alle tiltak som fremjar veksten til gras, vil redusera problemet med rome. Altså grøfting, kalking og gjødsling.

 

Rome (Narthecium ossifragum). Foto: Lars Kjetil Flesland

Mjølauke (Claviceps purpurea). Mjølauke er ein sopp, men vi tar likevel med denne her. Mjølauke kan i fuktige år angripe ein stor del av aksa til enkelte gras. Særleg har vi sett mykje på mannasøtgras, men også på timotei. Giftstoffa i mjølauke er sterke nervegifter, og ungdyr som får mykje mjølauke i seg vil truleg oppføre seg unormalt. Les meir. https://www.vetinst.no/sykdom-og-agens/meldr%C3%B8ye-claviceps

 


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.