Gjødsling av av fjellbeite i Nordre Bjønndalen 1981-1991

10.05.2019 (Oppdatert: 12.08.2019) Lars Kjetil Flesland

Som ein del av hovudoppgåva mi ved Norges Landbrukshøgskule, vart det i 1981 anlagt eit gjødslingsforsøk på 4 stader i Nordre Bjønndalen. Felta var anlagt på dei 4 viktigaste vegetasjonstypane som vert beita av sau i Bjønndalen. Etne, Ølen og Vindafjord, først ved ringleiar Ola E. Alne, seinare Harald Hetland, hjelpte til med drift av feltet. Planteforsk på Særheim, ved Aadne Håland utarbeidde forsøksplan.

Kart som viser kvar felta i Bjønndalen var plassert.

Felta

Felt 1, Mårbu: Blåbærmark (Rishei), ca 520 m.o.h. Felt 2,Glos: Lavhei, ca. 780 m.o.h. Felt 3, Gamleplasset: Setervoll dominert av finnskjegg og sølvbunke (450 m.o.h.). Felt 4, Bjønndalen: Setervoll dominert av engrapp og engkvein (450 m.o.h.).

 

Felta vart kvar vår gjødsla i mai-juni med fullgjødsel 25-3-6, med desse mengdene:

A: Ugjødsla. B: 5 kg N/daa og C: 10 kg N/daa. Om hausten har ein gjennomført botanisk analyse, der plantene på rutene er prosentvis fordelt. Rutene er ikkje forsøkshausta, men etter 1982 har beitedyr hatt fri tilgang.

 

Resultat

Som venta har lyng og lav forsvunne i meir eller mindre grad på gjødsla ruter, og gras har kome inn. Dvs. på feltet Mårbu dominerte blåbær. Dei to åra felta var inngjerda, var blåbæra på dei middels gjødsla rutene (B) særs frodige. Etter gjerdet vart tatt ned, blei det mindre lyng også her. Kanskje både som følgje av gjødslinga, men også som følgje av hardare beiting. Sterkast utslag for gjødsling ser vi i feltet på Glos, der stivstorr, smyle og geitsvingel har fortrengt dei andre artane.

 

Tabell 1. Dekking av ulike plantegrupper i prosent. Middel for åra 1989-1991

 

Mårbu

 

Glos

A

B

C

A

B

C

Lyng

23

29

18

69

30

6

Blomsterplanter

9

7

5

1

1

0

Beitegras, inkl. stivstorr

57

47

61

18

63

90

Mosar og lav

11

18

15

13

7

4

 

 

Gamleplasset

 

Bjønndalen

A

B

C

A

B

C

Lyng

0

0

0

0

0

0

Blomsterplanter

5

6

4

3

4

2

Beitegras, inkl. stivstorr

87

87

89

85

83

85

Mosar og lav

8

7

7

13

13

12



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.