Gjødslingsplan - dyrt å ikkje ha i orden

26.04.2019 (Oppdatert: 12.08.2019) Annlaug Fludal

Gjødslingsplanen, eit dokument som har stor betydning for din gard. I denne artikkelen tek me ein kikk på kvifor me i Norsk Landbruksrådgiving oppmoda deg til å ha ein slik plan.

Gjødsel på vei til jorda. Foto: Annlaug Fludal

Forskrifta frå 1995 krev ein årleg gjødslingsplan på garden dersom det blir brukt husdyrgjødsel frå meir enn 5 gjødseldyreeiningar. Du kan laga gjødslingsplanen sjølv eller få hjelp av oss i landbruksrådgivinga. Dei som har mindre enn 5 GDE kan søka kommunen om 5-årsplanar. Dette gjeld for eksempel om du har mindre enn 35 sauer eller 5-6 ammekyr med påsett, evt berre fôrproduksjon for salg. Blir garden brukt som spreieareal kjem ein lett over grensa på 5 GDE.

NLR Rogaland tar aktiv kontakt med alle medlemer kvart 5.år med tilbod om gardsbesøk og jordprøveuttak. Nye medlemer får òg tilbod om dette. Du kan låna jordbor for å ta ut prøvar sjølv. Det normale har vore at det har blitt laga gjødslingsplan for neste sesong etter jordprøveuttak.

Ein gjødslingsplan skal innehalda forslag til mineralgjødsel på dei ulike areala samt ei oversikt over fordeling av husdyrgjødsel som er produsert på garden eller mottatt frå andre. Det skal ligga med kart over eige areal og leigejord som blir disponert. Kor detaljert skifteinndelinga skal vera er litt etter kva ønske du som brukar har. Den beste planen er den som blir sett opp i samtale mellom rådgjevar og bonde. Ei skifteinndeling der du bruker dine eigne skiftenamn og inndeling gir ein praktisk plan.

Det er viktig at du tar fram planen kvart år og ser over om det er forandringar. Årstalet må rettast. Det er eksempel på 20 % trekk i produksjonstilskot for planar med feil årstal. Har du fått ny leigejord, store endringar i dyretal, tar du imot husdyrgjødsel frå andre osv., bør det med på planen.

Mange har bede om å få gjennomgang og utskrift av gjødslingsplan kvart år for å vera på den sikre sida. Dette vil gi ekstra kostnad, men kan òg gi ein nyttig diskusjon med rådgjevaren. Er du usikker på om du har nok spreieareal på garden kan me òg rekna på dette, men den endelege godkjenninga må gjerast av saksbehandlar i kommunen.

Uavhengig av gjødslingsplanen er du alltid velkommen til å ta ein telefon for å diskutera kalking og val av gjødselslag før innkjøp.

Skifteplan mobil som noteringsverktøy krev ein årleg oppdatering av gjødslingsplanen


Forskrift gjødslingsplan: lovdata.no/forskrift/1999-07-01-791

Her kan du lese om vårt tilbud relatert til denne artikkelen:

Jordprøver

Gjødslingsplan



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.