Pyramidelyng

Først vil vi minne om at dei vintergrøne hageplantene vi særleg er redde for om vinteren, ofte er like giftige no om sommaren. Så hald beitedyra for all del utafor hagen! Du kan lesa meir om giftige hageplanter her: https://rogaland.nlr.no/fagartikler/forgiftning-hjaa-husdyr-fraa-vintergroene-planter/

Soleie

Engsoleie (Ranuculus acris) er den vanelgaste av dei giftige plantene på beite. Men smaken er slik at finn beitedyra beitegras vil dei normalt ikkje beite på soleia. Men vi har erfart at halvdaude soleieplanter etter sprøyting kan bli særleg sterkt beita (endra smak?). Vær difor nøye med å halda sprøytefristen der det er soleie på beitet!

Bjelle 7

Revebjølle (Digitalis purpurea). Revebjølle er også av dei vanlegast giftplantene hjå oss. Heldigvis er det slik at smak og lukt forhindrar beiteing, - når det er nok beitegras elles. Annlaug Fludal har skrive ein fin artikkel om revebjølle. Den kan du lese her: https://rogaland.nlr.no/fagartikler/revebjelle-vakker-men-svaert-giftig/

Landoyda Foto Annlaug Fludal

Landøyda (Jacobaea vulgaris) og Dikesvineblom (Jacobaea aquatica) er to svært like planter, der det er Landøyda som veks hjå oss. Landøyda er særs giftig for ku og hest, ikkje i like stor grad for sau. NLR Agder har skrive ein god artikkel om bekjemping av landøyda: Bekjemp landøyda! | NLR Agder

Rome

Rome (Narthecium ossifragum) er mest kjent for å gje alveld hjå sau. Planta veks på våte, næringsfattige stader, og normalt berre problem i utmark, - og helst i tørre år. Alle tiltak som fremjar veksten til gras, vil redusera problemet med rome. Altså grøfting, kalking og gjødsling.

Mjoelauke

Mjølauke (Claviceps purpurea). Mjølauke er ein sopp, men vi tar likevel med denne her. Mjølauke kan i fuktige år angripe ein stor del av aksa til enkelte gras. Særleg har vi sett mykje på mannasøtgras, men også på timotei. Giftstoffa i mjølauke er sterke nervegifter, og ungdyr som får mykje mjølauke i seg vil truleg oppføre seg unormalt. Les meir. https://www.vetinst.no/sykdom-og-agens/meldr%C3%B8ye-claviceps