Filmen er produsert med støtte fra Vestfold og Telemark Fylkeskommune.

Med dagens kostnadsgalopp på innsatsfaktorar, energi, og maskiner er det fleire som vurderer å endre haustelinje. Over 80 % av grovforet vert i dag konservert i rundballar. Alternativet kan vere å legge grovfôret i «silo», enten markstakk, plansilo, eller tårnsilo. Graset kan òg konserverast som høy.

Både grovfôr 2020 og «TELE-BU grovfôrøkonomi» viser det seg at det er fleire vegar til Rom. Det er synleg gjort ulike tilpassingar som alle lukkast rimeleg bra. Det viktigaste er at fleire skaffar seg ein oversikt over dagens kostnadsbilete i form av kroner, timeforbruk og maskinpark før ein bestemmer metode. Ein gjennomgang av grovfôrøkonomien saman med ein NLR-rådgjevar kan hjelpe deg å finne status i dag med konkrete tal i kroner. Etterpå kan ein lage scenarier for ulike framtidige grovfôrhandteringslinjer for å finne den beste linja for din gard.

Samla mengde grovfôr som skal handterast, tilgang på arbeidskraft, transportavstand, tidspunkt for når det bør haustast og når fôret skal transporterast heim, er viktige faktorar som påverkar kostnadane og val av maskinlinje mykje. Eit gardsbruk med mykje grovfôr og som òg kan stille med mange personar i slåttonna, kan vurdere andre haustelinjer enn den som driv eit «einmannsgardsbruk». Treng du ulike grovfôrkvalitetar, vil rundball ofte vere meir fleksibelt enn silo.

Rundballer høver godt når du treng grovfôr av ulike kvalitetar. Det er lett å lukkast med fôrkvaliteten og mindre risiko for feilgjæring. Rundballing er metoden med minst tap av foreiningar og fungerer godt til både vått, middels og tørt grovfôr. Ved lang transport er det ofte mogeleg å få meir fôr i lasset ved heimkjøring av rundball enn ved silolegging. Ulempene ved metoden er at ein brukar 7-8 gonger meir plast enn i siloalternativa, og at det er tidkrevjande å handtere mange rundballar i dagleg utfôring. Kombipresse er ei god einmannslinje. Single presse og pakker kan konkurrere på pris, men krev éin ekstra person og noko meir logistikk (ei ekstra handtering ved innpakkingen).

Handtering rundball vs plansilo
Arbeidsbehov, transportavstand og faktorar ved ulike haustelinjer

PLANSILO

Silolegging er gunstig når ein treng einsarta grovfôr av same kvalitet. Det er større risiko for feilgjæring i siloar og kapasiteten ved siloleggingen varierer meir i høve til haustelinje. Siloen bør dimensjonerast for eit stort nok uttak i perioden då det er minst dyr i fjøset. Er siloen for stor og det daglege uttaket for lite, risikerer ein at det går varmt i surfôrmassen.

Plansiloen er funnen å vere billegare enn rundballing i besetningar med meir enn 40 kyr (Gjestang et al 2004). Den daglege utforinga vert også ofte meir rasjonell i store besetningar med plansilo og plastforbruket er mykje mindre. Utfordringane med plansiloar er dårleg gjæringskvalitet og stort næringstap i høve til rundballing (Spörndly 2014). I ei svensk gransking var det garden med lågast innleggingshastigheit som fekk best pakking og dermed best silokvalitet av dei med plansilo. Òg samanlikna med rundballelinjene var fôret frå denne garden minst like god.

Når innlegginga i plansiloer er for rask, kan det bli for dårleg pakking. Brukar ein haustelag med betaling per time viser det seg ofte at det vert for lite tid i siloen til å trakke skikkeleg. Det er årsaken til auka andingstap og dermed stort usynleg andingstap i siloen. Leiger du haustelag må du kalkulere inn og ta deg råda til at mannskapet i siloen får noko «ventetid» innimellom. Alternativt kan du legge to siloar parallellt med kontinuerleg pakking i begge siloane. Går innlegginga raskare enn det mannskapet i siloen greier å trakke ordentleg, vil det bli mykje skjemt fôr. Særleg er kantane utsett. Utfordringa er spesielt stor når det er kort køyring frå jordekant til siloanlegg.

Ein til to personar er nok mannskap til silolegging med lessevogn og metoden høver godt på korte avstandar med moderat fortørk av graset. Lessevogn er godt eigna på små og mellomstore bruk. Finsnitter med haustelag høver betre når ein har store areal og helst store skifter å hauste og treng høg haustekapasitet. Men då treng ein altså òg ekstra arbeidshjelp. Gras hausta med finsnittar er enklare å pakke i siloen og ein kan dermed handtere eit tørrare fôr med høgare tørrstoff.

STØRST TAP I PLANSILO

Har du snautt med grovfôr, kjem du betre ut med å velje rundballing enn silolegging. Åshild Randby, ein av dei fremste grovfôrforskarane i Noreg, har gjennom fleirårige forsøk vist at pårekneleg tap i ein plansilo er om lag 13%, medan tilsvarande normalt tap ved rundballing er på 3,8 %. Mesteparten av tapet er «usynlege tap» gjennom ånding i grasmassen. Sjølv fôr pakka i rundballar som var laust pressa og som hadde utsett tildekking i 20 timar var av like god kvalitet som gjennomsnitleg fôr i plansiloane.

Torrstofftap
Tørrstofftap i prosent ved ulike haustemetodar

SURFÔRKVALITET OG TETTLEIK

Mesteparten av tapet i surfôret er altså det usynlege åndingstapet. I ei gransking frå NMBU såg ein nærare på surfôrkvaliten i plansiloar og rundballar. Det vart testa komprimering av surfôr med «hjullastar (14,6 tonn)» og «traktor (8,3 tonn)». Rundballar vart hausta samstundes med 100% og 10% kammertrykk for å simulere ulik komprimering. Rundballane vart plastpakka umiddelbart, eller samstundes med tetting av plansiloen, i gjennomsnitt 20 timar etter pressing. Alt gras vart tilsett maursyre-propionsyre.

Tettleik i surfôret (kg ts/m3): Plansilo: 206 (traktor), 224 (hjullaster). Rundballer svakt pressa: 112, hardt: 155. Det var ingen effekt av type pakkemaskin i plansilo på gjæringskvalitet, kjemisk sammensetnad eller aerob stabilitet i surfôret.

Surfôr frå rundballane hadde høgare pH, mindre mjølk-, eddik og smørsyre, og meir WSC og etanol enn surfôr frå plansiloen. Det skuldast lengre kuttelengde, litt høgare tørrstoffinnhald (ts) og litt høgare syredosering i rundballar enn i plansilo. Det skuldast ikkje skilnaden i tettleik(kg ts/m3).

PAKKING MED TRAKTOR ELLER HJULLASTAR

Hard komprimering med hjullaster reduserer problema med lufttilgang gjennom lagringstida og ved utfôring når graset er tørt eller stivt, eller surfôret lagrast lenge, eller fôrast ut ved høg temperatur. Hjullaster ga rom for 9% meir gras inn i siloen. Er graset vått tyder resultata på at hjullastaren kan presse så mykje saft ut av graset at næringstapet aukar i høve til komprimering med traktor. Kanskje bør traktor nyttast til gras med mindre enn 30% tørrstoff, og hjullaster til gras med over 35% tørrstoff, for å minimere tap?

Kassert og usynlig tap plansilo
T=Traktor, HL= Hjullaster, RB L Rask= Rundball laust pressa, raskt tildekka, RB L UTS = Rundball laust pakka, utsatt tildekking 20 timar. RB H Rask: Rundball hardt pressa rask tildekking, RB H Uts = Rundball hardt pressa utsett tildekking (20 timar)

GJÆRING OG FÔRVERDI

Resultata frå forsøka gjort av Åshild Randby viser elles at surfôr frå rundballer var meir restriktivt gjæra ennplansilosurfôr. Det gav mykje høgare opptaksindeks hos drøvtyggarar. Syretilsetning begrensa gjæringsintensiteten ytterlegare. Etanolgjæring var noko mindre i rundballar og var ikkje påvirka av syretilsetning, men auka ved utsatt tetting. I forsøket året før var same ensileringsmiddel brukt. Etanolinnhaldet var då lågt i alle slåttar, og aller lågast i plansiloane. Aerob stabilitet var litt dårligere i baller enn i plansilo. Det var meir sporer i prøver fra plansilo enn frå rundballar, særleg i prøver fra side og skulder på plansiloen

RÅD OM INNLEGGING I PLANSILO

Arbeidet med innlegginga av grasmassen i plansiloen er altså avgjerande for kvaliteten på det ferdig gjæra fôret. Det åtvarast mot å legge inn for tykke lag med grasmasse mellom kvar pakking. For å oppnå god pakking blir det tilrådd grasmasselag på 10 – 15 cm tykkelse, maksimalt 20 cm. Dei faktorane som har størst innverknad på volumvekta (kg tørrstoff/m3) ved ensilering i plansilo er: tørrstoffinnhaldet i plantematerialet, tyngden av pakkemaskinen, tykkelsen på graslaget mellom kvar pakking, kuttelengde og pakketid. Vanleg lessevogn tilrås ikkje til plansilo. Lessevogn med stjernerotor har tettare knivrekkje og meir kompakt mating mot knivene. Det gir klart betre kutteeffekt og kombinert med god pakking kan slikt utstyr tilrås. Eksaktkutteren er eit sikkert valg – men også den krev god pakking om resultatet skal bli bra. Med hyppig pakking i tynne sjikt (helst berre 10-15 cm) blir pakkinga god. Bruk av tungt utstyr slik som hjullaster på 15 tonn, gir ytterligere garanti for godt resultat. Men har du surfôr med mykje pressaft bør ikkje pakkemaskinen vere for tung. Då bør du velje tung traktor i staden. Det vil redusere næringstapet i fôret gjennom pressafta.

NLR GROVFÔR OG ØKONOMI