Lågdrektigheit

På gjeldande tidspunkt er dei fleste sauene i det som blir omtala som lågdrektigheita. Utvikling av morkaka skjer i denne tida, og sidan det er denne som skal forsyna lamma med oksygen og næring er det viktig at den får optimal utvikling. Forsøk har vist at vedlikehaldsfôring av søyer i lågdrektigheita er det ideelle for å utvikla ei god morkake. Det betyr at sauene har relativt lågt energibehov i denne perioden. Det passer derfor å gje grovfôr av middels kvalitet (0,85FEm) i denne delen av drektigheita, og så spara det beste grovfôret til høgdrektigheita og lemminga.

Påsettlamma derimot, har behov for energi til vekst i tillegg til vedlikehaldsbehovet. Sidan påsettlamma har mindre kapasitet til å eta grovfôr samanlikna med dei vaksne sauene bør påsettlamma i dei aller fleste tilfelle få kraftfôr utanom. Kva kraftfôrmengde dei bør få er avhengig av grovfôrkvaliteten, men ein tommelfingerregel er 0,5 kg kraftfôr til dagen. Ein må vera obs på at dyr som får mindre enn 0,3 kg kraftfôr til dagen må få vitamin og mineral utanom. Det kan ein gje via pulver, pellets, stein eller mineralbøtter.

I lågdrektigheita vil det vera fornuftig å gruppera dyra inn etter vaksne sauer, gimrar og påsettlam. Gimrane feller tenner på denne tida. Dei et derfor seinare enn dei vaksne søyene og bør derfor gå i eigen garde. Dersom ein har vaksne søyer i dårleg hald kan ein la dei gå ilag med gimrane, men hovudsakleg bør haldjustering skje i tida før paring.

Høgdrektigheit

Høgdrektigheita blir omtala som dei siste 8 vekene av drektigheita. I denne tida aukar energibehovet til fosterproduksjonen gradvis. Energibehovet til fosterproduksjonen er avhengig av kor mange lam sauen eller påsettlammet skal ha. Det er derfor hensiktsmessig å gruppera dyra etter kor mange lam dei skal få, men ein må ennå halda påsettlam og søyer adskilt.

I høgdrektigheita begynner lamma å ta større plass i bukhola, og vil begynna å pressa på vomma. Det gjer at sauene vil ha avgrensa moglegheit til å kompensera for det auka energibehovet gjennom auka grovfôrinntak. Ei gradvis opptrapping av kraftfôr er derfor nødvendig for å dekka det auka energibehovet. Igjen har grovfôrkvaliteten betydning for når ein bør begynna med kraftfôr og kva mengder ein bør ligga på. I tabellen nedanfor er det illustrert eit eksempel på kraftfôrbehovet til tvillingssøyer i høgdrektigheita ved to ulike grovfôrkvalitetar. For å ivareta eit godt vommiljø bør kraftfôrtildelinga bli fordelt på 2-4 tildelingar til dagen, gjeld særleg ved høge kraftfôrmengder.

Opptrapping av kraftfôr (g/dag) for tvillingsøyer ved ulik grovfôrkvalitet

Grovfôrkvalitet

8-6 veker

6-4 veker

4-2 veker

2-0 veker

0,85 FEm

100

200

600

800

0,90 FEm

0

0

400

600


Eit norsk forsøk har vist at sterk fôring av trillingsøyer i høgdrektigheita er gunstig for å oppnå høge haustvekter på kullet. Sterk fôring blir i dette tilfelle rekna som ei fôring der søyene ikkje mister hald gjennom drektigheita. Då har søyene meir moglegheit til å mobilisera energi frå haldet til mjølkeproduksjon etter lemming. Derfor vil det vera gunstig å begynna og bruka det beste grovfôret allereie i høgdrektigheita.

Påsettlamma bør fôrast annleis enn dei vaksne søyene i høgdrektigheita. Dersom ein gjev det same grovfôret i høgdrektigheita som i lågdrektigheita, kan ein fortsatta å gje den same kraftfôrmengda til påsettlamma som berre skal ha 1 lam. Påsettlamma som skal ha 2 eller fleire lam bør få 0,2-0,3 kg kraftfôr ekstra i høgdrektigheita. Det heiter at påsettlamma skal ha flat fôring av kraftfôr fram til lemming, dvs. at det ikkje skal trappast opp med kraftfôr utover i høgdrektigheita.

Hugs fortsatt på at dersom det er dyr som ikkje får tilstrekkeleg med kraftfôr, då må dei ha tilgang til vitamin og mineral.

I høgdrektigheita er det ekstra fokus på E-vitamin og selen. Mangel på E-vitamin og selen kan gje auka fare for daudfødde og svakfødde lam, det gjeld særleg hjå søyer med 3 eller fleire lam viser eit forsøk frå USA. Symptom på lam med selen- og E-vitaminmangel viser seg ofte som stiv og stolpete gange, og at dei har problem med å reisa seg. Eit forebyggande tiltak er å sikra at søyene får dekka behovet for selen og E-vitamin slik at råmjølka blir rik på E-vitamin og selen. Ved å gje kraftfôret FORMEL SAU EKSTRA (FKRA) eller SAUEFÔR DREKTIG (Fiskå) i høgdrektigheita skal behovet bli dekka. Men dersom ein gjev anna kraftfôr bør ein gje tilskotsfôr med E-vitamin, særleg til dyra som skal få meir enn 2 lam.

I heile innefôringsperioden må ein følga med på skiten, haldet og atferden til sauene for å vurdera fôringa. Dersom dyra ikkje utviklar slik du ønsker kan det vera aktuelt å justera på fôringa. Hugs at det alltid er sauene som er fasiten på fôringa.

Ta kontakt om du ynskjer rådgjeving eller fôrplan til dine sauer.