Eit heitt tema for tida er dei auka kostnadane ein har opplevd på mineralgjødsla det siste halvåret. Kva gjer ein når mineralgjødsla no kostar skjorta og meir til?

Med eit solid prishopp førre haust grunna fleire årsaker var det forventa at prisane kom til å stabilisere seg meir no seinvinter og tidleg vår med meir normale prishopp mellom månadene, som tidlegare år. Men så vart verda overraska med ein krig, som igjen gav eit solid prishopp, no sist 14. mars. Årsaka til prisveksten er samansett av fleire faktorar, blant anna; høge gass- og energiprisar, stor global etterspørsel av gjødsel, stor prisauke på innsatsfaktorane i gjødselproduksjon (nitrogen, fosfor, kalium m.m.), Kina har innført eksportrestriksjonar og det er satt handelssanksjonar mot Russland.

Det er nitrogenprisen so har auka enormt, då det krev energi/gass for å utvinne nitrogenandelen som nyttast i mineralgjødsla. Som ein kan sjå ut i frå figur 1 har nitrogengjødselvarar som NS 27-0-0 og Sulfan 24-0-0, som tidlegare var billigare val å bruke enn NPK-gjødsla, no har stege mest i prisutvikling samanlikna med prisane frå 2020 og omtrent nådd att NPK-gjødsla. Samanliknar ein prisen på 25-2-6 mot NS 27-0-0 for mars 2022 kan ein sjå at pris på tonn vare er omtrent like, men hugs å sjå heller på pris pr kilo nitrogen, då gjødselslaga har ulike mengder av nitrogen i seg. So figur 2 gjev eit betre bilete på status kostnad.

Prisutvikling mineralgjodsel
Figur 1 Prisutvikling på mineralgjødsla for Vestlandet mellom februar 2020 og februar 2022, samt frå 14. mars 2022. Tall henta frå Felleskjøpet.

So kva gjer ein når mineralgjødsla har vorte meir ein dobbelt so dyr?

Det er høgst forståeleg at ein slit å få kjøpt inn av økonomiske årsaker no når prisveksten har vore so kraftig på kort tid. Men rådet vårt er likevel å kjøpe inn det ein kan, aller helst alt ein treng for å få til planlagt avling slik at ein får til den avlinga eller fôret ein treng. For grovfôret sin del veit vi ikkje korleis marknaden på grovfôr blir i tida framover, men prisane vil auke her og. Ein veit heller ikkje kor mykje grovfôr som blir i marknaden etter årets sesong. I tillegg er det estimert prishopp på kraftfôr også, så igjen er det viktig at ein sikrar seg nok eigenprodusert grovfôr no først.

Vi veit heller ikkje korleis prisane på mineralgjødsla blir å utvikle seg no vidare i år, men kjøp gjødsla no om du ikkje har gjort det allereie. Normalt sett aukar prisen jamt utover våren for kvar månad og ein ser ikkje for seg at det blir noko unntak for det i år og. Yara skal og ha nok innkjøpt gjødsel for årets sesong, men unngå hamstring då det vil gå utover dette volumet.

Som tiltak i ei dyr tid for mineralgjødsla kjem det til slutt nokre velmeinte råd frå oss rådgjevarane som vi håpar kan hjelpe litt på.

10 råd frå NLR rådgjevarane:

  1. Vekstbefaring tidleg vår
  2. Sjekk stoda i kvar teig og prioriter kva tiltak ein skal gjer og når, samt kor ein vil prioritere gjødsling i ulik grad.
  3. Kalk der pH er låg
  4. Kalk er den billegaste gjødsla! Sørg for å liggje med optimal pH for din vekstkultur slik at næringsstoffa i jorda blir lett tilgjengeleg og plantane når betre tak i dei.
  5. Spreie husdyrgjødsla til rett tid
  6. Gunstige vêrforhold (overskya, lite vind, nedbør etter spreiing), tidleg spreietidspunkt og optimal utspreiing for å unngå for mykje tap er viktig.
  7. Lån/lei nedleggingsutstyr om du ikkje har det sjølv
  8. For å sikre endå betre utnytting av husdyrgjødsla.
  9. Differensier gjødslinga etter avlingspotensialet
  10. Prioriter gjødsla der ein forventar gode avlingar og heller redusere på dei arealet avlingane er mindre gode. Å gjødsle svakt jamt over kan gje meir utfordringar med ugras, samt næringsinnhaldet i fôret kan bli svakare (til dømes noko lågare proteinandel i grovfôret). Ein gjer derfor lurt i å fortsette med god gjødsling på dei beste teigane no i år.
  11. Utnytt kløveren og fangvekstar
  12. Gratis N effekt frå kløveren er verdifullt når nitrogengjødsla er dyr. Det er og fleire fordelar t.d. smakelegheit, god proteinandel og mineralinnhold. Ein kan vedlikehaldsså kløver i eksisterande eng og beiter ved behov.
  13. For dei med åkerkultur kan ein vurdere om bruk av fangvekst kan vere noko å teste ut.
  14. Rett innstilling av kunstgjødselspreiar
  15. Viktig tiltak for å unngå unødig sløsing av mineralgjødsla.
  16. Bruk/invester i presisjonsutstyr
  17. Kantspreiar, seksjonskontroll og sporfølger er gull verdt no.
  18. Juster gjødslingsplana undervegs i sesongen
  19. Vekstforholda variera gjennom sesongen slik at ein kan justere plana ved behov. Ein bør og gjødsle som normalt no på våra, og heller vurdere etter 1.slått om ein skal gå opp/ned i gjødselstyrke til dei neste slåttane i sesongen.
  20. Rom for meir gjenlegg?

I år kan ein eventuelt prioritere meir gjenlegg for å auke fornyingstakta, samt ein nyttar noko mindre gjødsel enn i vanleg engår. Ein vil samstundes få engareal som yt godt dei neste par åra.

Kr pr kg N
Figur 2 Kostnad pr. kg nitrogen etter Felleskjøpet sine priser for Vestlandet fra 14.mars 2022.