Feltet vart etablert hjå NIBIO Særheim 04.06.2018 på oppdrag frå Felleskjøpet Rogaland Agder med frømengde tilsvarande 4 kg/daa og gjødsla med mineralgjødsel etter norm. Det er tre gjentak og 11 grasartar / sortar. I 2021 vart feltet slått 04.06., 12.07. og 02.09.

Resultat

Avlinga er målt i kg tørrstoff per daa. Det er ikkje teke kvalitetsanalysar av avlinga.

Tabell 1. Avlingsmengde, gjennomsnitt kg TS/daa for dei ulike sortane.

Sort

1.slått

2.slått

3.slått

Sum 2021

Sum 3 år

Barolex (Strandsvingel)

513

395

361

1269

3810

Figgjo (fleirårig raigras, tetraploid)

635

293

233

1162

3817

Calibra (fleirårig raigras, tetraploid)

657

318

212

1187

3814

Abosan 1 (fleirårig raigras, diploid)

611

408

313

1332

3852

Ovambo 1 (fleirårig raigras, tetraploid)

518

389

261

1168

3803

Diagram (Raisvingel)

495

358

345

1199

3674

Hipast (Raisvingel)

473

369

353

1195

4040

Thegn (fleirårig raigras, tetraploid, sein)

550

404

235

1190

3968

Garbor (fl.årig raigras, tetraploid, vintersterk)

552

363

223

1138

3854

Bovini (fleirårig raigras, diploid)

501

410

275

1186

3832

Melforce (fl.årig raigras, tetrapl.,middels tidlig)

538

350

246

1134

3716


Ole a forsok
Figur 1 - Avling fordelt på år.

Diskusjon

2021 var 3. engår, og feltet byrja å favorisere sorter som viser varighet. Sorten Abosan 1 gav best avling dette året. Denne sorten har gitt stabil avling i alle tre engår (figur 1). Det vil seie at den gir ein del dårlegare avling enn gjennomsnittet i 1. engår, men gav best avling i 3. engår. Dette gjeld til ein viss grad også raisvingelsorten Diagram.

Samla over tre år er det svært jamn avling mellom alle sortane som er med i forsøksfeltet. Men raisvingelorten Hipast har gitt best avling over tre år. Dette er på grunn av svært god avling i 1. engår uten at den har tapt seg like mykje som dei øvrige sortane i engår 2 og 3. Strandsvingelsorten Barolex viser også god holdbarhet i dette forsøksfeltet.

Raigrassortane Figgjo (norsk sort) og Calibra (dansk sort) har lenge vore hovudsortar i ulike frøblandingar. Desse sortane plasserte seg i toppsjiktet i 2019 (1. engår), men i 2021 er dette sorter som gir midt på treet avling. Dette har samanheng med at desse rutene fekk eit betydeleg større innslag av ugras i 2021 enn dei øvrige sortane. Dette gjaldt alle tre gjentaka.

Dei vanlegaste sortane av fleirårig raigras til slått er av tetraploid type. Desse har generelt ein kraftigare og meir opprett vekst enn diploide sortar. Men diploide sortar dannar ei tettare grasmatte og er derfor interessante å ha med i blandingar. Diploide sortar er òg betre eigna til beiting. Likevel har den diploide sorten Abosan gitt høgast avling i 2020. Òg sorten Bovine har gitt god avling, og er fullt på høgde med dei tetraploide sortane.

Ole a forsok 2
Figur 2 - Botanisering av rutene før 3. slått 2021.
Hausting gras forsok foto ane harestad
Hausting av 2. slått 12. juli 2021. Foto Ane Harestad.