Ku og sau sine beitemåtar

Når kua beiter, vil den ta tak i ein grastust med tunga og rive den av. Dermed vil kua vere avhengig av ein viss høgde på beitegraset. Britisk litteratur meiner at kua fortrekk beitegras som er 4-5 cm eller høgre[1]. Denne måten å beite på fører til at kua har ein avgrensa moglegheit til å vere selektiv i val av beitegras. Dermed vil kua i mykje større grad enn sauen ete gras som er «overvakse». Det vil seie gras der akset har skutt og derfor har fått eit høgare innhald av struktur og lågare innhald av energi og protein. Om slikt gras ikkje vert beita eller pussa ned på anna vis, vil det gå over i såkalla «generativt stadium» der graset bruker energi på å danne frø og ikkje på vekst.

I motsetning til kua, vil sauen bruke tennene til å klippe av dei delane av beitegraset den ønsker å ete. Dermed er det uproblematisk for sauen å nytte beiter med ein grashøgde heilt ned i 2 cm[2]. Dette fører òg til at sauen er mykje meir selektiv i val av mat. Det gjeld både kva del av planta som vert spist, kva grasartar den et og kor nært kuskit han plukkar gras. Denne måten å beite på gir sauen moglegheit til å plukke ut enkeltplanter av godt, næringsrikt gras der kua må dra med seg alt som veks i grastua. Det gir òg sauen ein større moglegheit enn kua til å ete lauv og knoppar frå tre og busker.

Beiting av ulike planter

Sauen si evne til å vere selektiv i val av plantedeler, kombinert med ein høgare toleranse for ein del giftstoff, fører til at sauen held borte ein del planter som vil opptre som ugras i eit reint storfèbeite. Blant desse ugrasartane finn me høymole, landøyda samt eng- og krypsoleie.

Kua på si side vil vere betre i stand til å fordøye fiberrike plantedelar og vil i tillegg til å ete «overvakse» gras, beite på grovare grasartar enn sauen som til dømes blåtopp. Det er òg vist at beiting med storfè gir reduksjon av hundekjeks i beite, medan sauen ikkje rører denne planta[3].

Innvollssnylterar

Innvollssnylterar eit velkjent problem i sauebeiter. Sjølv med systematisk og korrekt behandling vil eit høgt smittepress med innvollssnyltarar gi ein betydeleg reduksjon av tilvekst hjå lam[4]. Men òg for storfè er innvollssnyltarar ein realitet og eit problem. Innvollssnyltarane kjem inn i dyret i lag med beitegraset og skaper ugagn ved å suge næring frå dyret gjennom tarm, løpe eller lever. Dermed stel dei næring frå dyret samstundes som dei øydelegg lever, løpe eller tarm hjå dyret. Dei fleste innvollssnyltarar er artsspesifikke, og er avhengige av eit vertsdyr for å formeire seg. Det betyr at innvollssnyltarar for sau er harmlause for ku og omvendt[5]. Det betyr òg at dersom ein innvollssnyltar vert ete av "feil dyr" vil snyltaren døy og ikkje ha moglegheit for å formeire seg. Dermed vil sambeiting med ku og sau redusere smittepresset for begge artar.

Effektar av sambeiting

Då sau og ku har ulike beitepreferansar vil sambeiting med desse to artane gi beiting på eit større spekter av plantane som veks i beitet. Ein vil dermed få ein betre utnytting av heile beitet ved å sambeite dei to artane. Dette fører òg til at konkurransen mellom sau og ku vil vere mindre dess større diversitet det er i beite. Ein vil med andre ord oppleve mykje større konkurranse mellom ku og sau på eit fulldyrka beite enn på eit utmarksbeite.

Fleire studiar frå både Rogaland, Irland, Sverige[6] og Walse[7] viser at innføring av sau på eit storfèbeite gav 10% produksjonsauke for storfèet. Andre studier viser ingen produksjonsendring eller noko reduksjon i produktiviteten hjå storfèet[8]. Dette vil ha samanheng med det samla beitetrykket og beitetype.

For sauen sin del har sambeiting med storfè vist auka produksjon hjå sauen. Enkelte studiar viser mellom 47% og 100% auke i produksjonen ved sambeiting, målt mot å beite med sau åleine[9]. Andre studiar viser liten endring i produksjon ved sambeiting.

Sambeiting vil dermed gi auka utnytting av beitearealet, redusert ugrasproblem og eit redusert problem med innvollssnyltarar.

Kjelder:

[1] BD1228 Determining Environmentally Sustainable and Economically Viable Grazing Systems for the Restoration and Maintenance of Heather Moorland in England and Wales - A Project funded by Defra, English Nature and Countryside Council for Wales undertaken by ADAS, CEH, IGER, RSPB, Scottish Agricultural Colleges, University of Newcastle and Penny Anderson Associates Ltd.

[2] Mixed grazing – the benefits, The Beef and Sheep Development Centre, run by Hybu Cig Cymru, is managed by the Welsh Assembly Government as part of Farming Connect.

[3] Ugras i eng og beite, Fylkesmannen i Rogaland og Felleskjøpet Rogaland og Agder 2010

[4] Vertrinær Siv Meling, Pers. med.

[5] Ismail, Salah, Mixed grasing of cattle and sheep, AllAboatFeed

[6] Forskningsparken I Ås, Beiteboka

[7] BD1228 Determining Environmentally Sustainable and Economically Viable Grazing Systems for the Restoration and Maintenance of Heather Moorland in England and Wales - A Project funded by Defra, English Nature and Countryside Council for Wales undertaken by ADAS, CEH, IGER, RSPB, Scottish Agricultural Colleges, University of Newcastle and Penny Anderson Associates Ltd.

[8] BD1228 Determining Environmentally Sustainable and Economically Viable Grazing Systems for the Restoration and Maintenance of Heather Moorland in England and Wales - A Project funded by Defra, English Nature and Countryside Council for Wales undertaken by ADAS, CEH, IGER, RSPB, Scottish Agricultural Colleges, University of Newcastle and Penny Anderson Associates Ltd.

[9] Ismail, Salah, Mixed grasing of cattle and sheep, AllAboatFeed