Ivrig mais-entusiast på Randaberg

Trond Vistnes i Randaberg har hatt et sortsprøvingsfelt for fôrmais over flere år. I 2019 blei det ikkje tatt avlingsregistrering på dette feltet, men i 2020 var NLR tilbake igjen og stod for avlingsregistreringa. Trond utfører ellers alt det praktiske arbeidet med etablering og stell av feltet. FKRA har levert frø av ulike sorter for prøving. I 2020 var det sortane Prospect, Ambition, Zeta 102, Zeta 140, Wizard og Wizard m/StarCover, som var med i forsøket.

Forsok med formais Foto Ole Arnfinn Roysland Fitjar
Felt med utprøving av fôrmais 15. oktober 2020. Foto Ole Arnfinn Røysland Fitjar  

Forsøksfeltet

I sortsfeltet var det to gjentak per sort som kvar besto av to planterader med 75 cm radavstand. Frøa vart sådd med ein ettfrøsåmaskin, med om lag 12 cm planteavstand . Avlingsregistreringa vart utført ved å hauste og vege ein oppmålt lengde på to meter i to parvise rader per gjentak. Stubben var om lag 20 cm. Feltet vart hausta 15. oktober 2020. Prøver frå kvar sort vart tørka og registrert tørrstoffavling på, og alle seks sortane vart sendt til FKRA for analyse.

Gode avlingar

Tall for gjennomsnittsavlingar for dei ulike sortane i prøvinga i 2015, 2016, 2017, 2018 og 2020 er gitt i figur 1. Kvalitetsanalysane frå 2020 er gitt i tabell 1. Avlingsnivået på mais i 2020 må seiast å ha vore bra. Av årets sortar er det Prospect som kjem best ut med tanke på avling, men kvalitets messig er den ikkje like sterk. Avlingsnivået til sorten Ambition er missvisande frå årets hausting, det var problem med frøa og spiringa på denne sorten i vår og det blei ein del færre planter enn ønskja. Kvalitetsmessig kom Ambiton bra ut så dette er ein sort som bør vera med vidare. Sorten Wizard var også bra i år, men her var det overraskande stor variasjon i kvalitet på beisa og ubeisa frø, frøa som var ikkje var beisa med StarCover enda opp med høgast stivelseinnhald.

Avling for ulike sortar mais 2020
Gjennomsnittsavlinger for kvart av åra 2015, 2016, 2017, 2018, 2020 og gjennomsnitt for alle fire sesonger.

Sort

Tørr-stoff

Stivelse

Sukker

NDF

Protein

Ford.org.stoff

FEm

Avling

% av fôr

% av ts

% av ts

% av ts

% av ts

% av ts

FEm/kg ts

kg TS/daa

Prospect

27 %

12 %

6 %

62 %

10 %

71 %

0,84

1787

Ambition

28 %

31 %

7 %

65 %

9 %

79 %

0,93

1238

Wizard

26 %

28 %

8 %

65 %

9 %

78 %

0,92

1626

Wizard m/Starcover

27 %

16 %

8 %

63 %

8 %

73 %

0,86

1763

Zeta 140

26 %

13 %

8 %

62 %

8 %

71 %

0,83

1322

Zeta 102

26 %

38 %

5 %

58 %

10 %

80 %

0,93

937

Kvalitet for ulike sortar mais 2020
Avling og stivelsesinnhold i 2020 for dei hausta sortane.
Akkumulert maisvarmeenheter 2018 2020
Akkumulert maisvarmeenheter (MVE) for vekstsesongen (1.5-30.10.) 2018, 2019 og 2020. Berekna på bakgrunn av døgnmiddeltemperatur i 2 meters høgde på Særheim.