Du som bonde er sjølv ansvarleg og skal sjå til at:

  • All informasjon av betydning er lagt til grunn i gjødselplanen og er mest mogeleg korrekt. Når du har fått tilsendt gjødselplanen skal du innan 7 dagar melde frå skrifteleg for å få retta opp vesentlege feil, eller ufullstendige og manglande opplysningar for korrigering av gjødselplanen.
  • Gjødselplanen er ferdig utarbeida FØR kvar vekstsesong.
  • Arealopplysningane stemmer overeins med areal det søkjast om i produksjonstilskotsøknad (Fulldyrka-, overflatedyrka og innmarksbeite areal).
  • Nytt areal som kjem inn i løpet av vekstsesongen, må leggjast inn i ein revidert gjødselplan snarast råd i løpet av vekstsesongen.
  • Ved jordleige skal det føreligge jordprøver seinast 2. året i leigeavtala, ev. 2. året på rad med eitt års leigekontrakt.
  • Jordprøvene er representative og maks 8 år gamle i løpet av vekstsesongen planen gjeld for.
  • Kartskisse er oppdatert og stemmer overeins med skifteinndelinga i gjødselplanen.
  • Forgrøde og årets planlagde vekst/bruk er korrekt
  • Forventa avlingsnivå er mest mogeleg korrekt.
  • Korrekt mengde disponibel husdyrgjødsel er lagt til grunn, og lagt inn med mest mogeleg korrekt næringsinnhald og vasstilsetjing.
  • Husdyrgjødsel til overs/lager, vert nytta på anna godkjent spreieareal (treng skrifteleg avtale), eller legge fram dokumentasjon på korleis den nyttast forsvarleg utanfor oppsett plan.
  • Ved fleirårig gjødselplan er du sjølv ansvarleg for å få denne godkjent hjå forvaltninga.

NLRØ sine oppgåver og plikter når me lagar ein gjødselplan:

Vårt mål er å lage ein gjødselplan som i sin heilskap ikkje inneheldt vesentleg feilinformasjon for kva som planleggast for komande vekstsesong.

Gjødselplanen skal innehalde opplysningar som er i høve til gjeldande lovverk.

Gjødselplanen skal:

  • Vere ein praktisk gjennomførbar plan som samtidig tilfredstillar lovverket.
  • Gje grunnlag for kvalitetsmessig god avling, avgrense avrenning til vassdrag og tap til luft av næringsstoff frå jordbruksareal.
  • Leggje til rette for at gjødslingsplanen gjev ein ressursmessig god utnytting av næringsstoffa i jordsmonnet frå mineralgjødsel, husdyrgjødsel, slam og anna organisk og uorganisk gjødsel.
  • Syne årets gjødslingsbehov for nitrogen, fosfor og kalium pr. dekar basert på oppgitt avlingsnivå.
  • Setjast opp skiftevis, der følgjande opplysningar vert gjeve opp for kvart einskild skifte: jordbruksareal i dekar, jordart og jordanalyser for pH, fosfor, kalium og moldinnhald. Fôrgrøde, årets vekst, forventa avlingsnivå pr. dekar skal inn, likedan årets gjødslingsbehov for nitrogen, fosfor og kalium pr. dekar samt mengde mineralgjødsel, husdyrgjødsel, slam og anna organisk gjødsel (type, mengde pr. dekar og antatt spreietidspunkt).
  • Mengden gjødsel skal avpassast til gjødslingsbehovet ut frå godkjente jordprøveresultat, vekst og gjødslingsnorm for distriktet, avlingsnivå oppgjeve av bonden og forgrøde.

NLRØ tek ikkje ansvar for:

  • Avvik mellom plan og faktisk utførte tiltak.
  • Arealavvik mellom produksjonstilskot og gjødselplan eller andre «offisielle kartkjelder».
  • Manglande kartgrunnlag, feil areal, avlingsnivå, veksttype, ol.
  • Avvik mellom oppsett husdyrgjødselmengde opp mot faktisk mengde husdyrgjødsel bonden har disponibelt, eller estimert opp mot dyretal i produksjonstilskotssamanheng eller anna dyreteljing.
  • Andre avvik som kan føre til offentlege eller private sanksjonar eller restriksjonar til dømes rund drikkevasskjelder ol.

Med helsing

Norsk Landbruksrådgiving Østafjells,

.

.

Buskerudveien 134 L, 3340 Åmot

ostafjells@nlr.no

95 28 60 00

Org.nr. 970 172 998