Ein brukar ofte slutten av august som tommelfingerregel for siste frist for såing. Sidan ein både treng nokre veker gjenvekst før sprøyting og ei til to veker verknad på brakkinga, er det ofte ein fordel å få tatt 2.slåtten litt tidleg her.

Liv i hoymol etter barkking Foto Bard Oliver Gjellestad
Brakking med glyfosat har ikkje fullgod effekt på blant anna høymol Foto: Bård Oliver Gjellestad

Ikkje hopp over ugraskampen!

Når ein først vel å snu enga, er det viktig å nytta seg av moglegheita til å starte med blanke ark. Derfor bør ein sprøyte med glyfosat (t.d. Roundup) før ein set i gang jordarbeidet. Dette er viktig for å ta grasugraset og då særleg kveke. Vent med bakkinga til kveka har fått min 4 blad, då har ein best effekt.

Eit problem ein ofte ser er at ein ikkje greier å få tatt høymole og engsoleie. For desse tofrøblada ugrasa er verknaden av glyfosat dessverre dårlegare og ein bør derfor i tillegg vurdere andre middel i tillegg om bestanden av desse er betydeleg. Særleg viktig er dette om ein planlegg redusert jordarbeid.

Tromling Foto Bjorg Karin Dysjaland
Tomling også før såing er ein fordel for å ikkje få grasfrøa for djupt Foto: Bjørg Karin Dysjaland

Så graset grunt

Ved nyetablering av eng er det viktig å sørge for ei jamn overflate for å sikre både jamn sådjupn og for å minimere risikoen for at haustereiskapane drar med seg jord under hausting. Det kan derfor vera lurt å tromle både før og etter såing.

Planlegg for gjeleggsprøyting

Me anbefaler at ein alltid planlegg sprøyting av gjenlegg, då me ser dette i neste omgang gir mindre bruk av sprøytemiddel i engåra. Ofte gjer forholda på hausten at sprøytinga ikkje alltid lar seg gjera, men då kan sprøyting kommande vår vera fornuftig.

Om ikkje alt blir optimalt

Sidan det er slik at ting ikkje alltid vert optimalt, kan desse tinga vera greie å få med seg:

  • Vent minst 4 dagar, (helst over ei veke) frå brakking til du pløyer/horvar
  • Om det blir sein såing (frå september og utover) gir dette meir usikkert resultat, men stort sett meir fornuftig enn å vente til våren. Vurder heller reperasjonssåing tidleg vår.
  • Kløver toler ikkje sein såing, den bør i jorda før midten av august for å sikre overvintringa.