Gras i streng Foto Ane Harestad

Grovfôret er avgjerande

Produsentane i leverandør- og kukontrollen frå 2020 blei delt inn i tre ulike feittklasser (låg, middels, høg) basert på feittprosenten i tankmjølka, for å undersøka kva som skil produsentane i dei ulike feittklassane på fôring og produksjon. Som det kjem fram av tabellen har produsentane som leverer mjølk med høg feittprosent eit høgt grovfôrinntak, og dermed tyder det på at dette er svært avgjerande for å oppnå høg feittprosent i mjølk. For å stimulera til eit høgt grovfôropptak er det essensielt at ein produserer eit grovfôr som kua vil eta. Grovfôret sitt tørrstoffinnhald, fordøyelegheit (OMD%) og gjæringskvalitet (innhald av syrer) er i litteraturen stadfesta som avgjerande for grovfôropptaket. I undersøking kom det fram at produsentane med høg feittprosent i mjølk hadde ein grovfôrkvalitet med høgare tørrstoffprosent, høgare fordøyelegheit og eit lågare innhald av gjæringsprodukt (mjølkesyre, eddiksyre, ammoniakk) enn produsentane med lågare feittprosent i mjølk.

Produsentane i høg feittklasse ser ut i frå grovfôrkvaliteten til å hausta graset på eit tidlegare utviklingstrinn enn produsentane i låg feittklassse, fordi dei har lågare innhald av iNDF (uløyseleg fiber). Innhaldet av iNDF aukar i planta ved auka utvikling, og iNDF er ufordøyelege, som er bakgrunnen for at produsentane i høg og middels feittklasse har eit grovfôr med høgare energiverdi og fordøyelegheit. Dette gjer at dyret fordøyer fôret raskare som dermed har lågare opphaldstid i vom som mogleggjer høgare grovfôropptak. Til trass for at produsentane i høg feittklasse ser ut til å hausta graset på eit tidlegare utviklingstrinn tilseier grovfôrkvaliteten at graset blir hausta rundt skyting. Det vart derimot ikkje avdekka signifikant forskjell i grovfôropptak og grovfôrkvalitet mellom produsentane i middels og høg feittklasse. Kanskje kan ulik helsestatus, fôringsrutinar eller val av kraftfôrblanding ha betydning for den ulike feittprosenten.

Låg

Middels

Høg

Feitt %

4,18

4,38

4,59

Fôrinntak og produksjon

Grovfôrinntak MJ

73

77

77

Kraftfôr kg/ku/dag

9,1

9,0

8,9

Årsavdrått kg/årsku

8 278

8 490

8 354

Grovfôrkvalitet

Tørrstoff g/kg

335

341

356

Sukker g/kg TS

66

73

75

NDF g/ kg TS

514

506

512

iNDF g/kg NDF

184

171

169

NEL20 MJ/kg TS

5,93

6,03

6,03

OMD %

71,6

72,7

72,6

Mjølkesyre g/kg TS

47

46

43

Eddiksyre g/kg TS

12

12

11

Ammoniakk- N g/kg N

102

97

95

pH

4,5

4,5

4,5

Grovfôrinntak viktigare enn kraftfôrnivå

Både høg avdrått og høg kraftfôrtildeling er rekna for å negativ innverknad på feittprosent i mjølk. I denne undersøkinga har produsentane i dei ulike feittklassane tilnærma lik kraftfôrtildeling, og dermed er det antakeleg ikkje kraftfôrtildelinga som har størst utslag på den ulike feittprosenten mellom produsentane i dei ulike feittklassane. Men eit bevisst val av kraftfôrblanding tilpassa grovfôrkvaliteten og/eller val av eit kraftfôr som skal fremma feittprosent i mjølk kan verka inn på feittprosenten i mjølk. Det er overraskande at produsentane med låg feittprosent i mjølk har lågast avdrått, då høg avdrått kan føra til uttynning av feitt i mjølk. Likevel er mjølkesyntese ein energikrevjande prosess og sidan produsentane i låg feittklasse har lågare energitildeling, på grunn av lågare grovfôrinntak, vil ikkje dyra greie å produsera så mykje mjølk som dei dyra så får meir energi gjennom fôringa.


Resultata indikerer dermed at det er mogleg å produsera mykje mjølk med høg feittprosent ved god energitildeling og mykje grovfôr i rasjonen.

Aktuell masteravhandling