I Rogaland er frøblandingane i hovudsak basert på timotei, raigras eller strandsvingel. Denne gjennomgangen tek for seg kjenneteikn på dei ulike hovud-artane slik at du kan ta ei kvalifisert vurdering av kva som passer best på din gard.

Timotei - best smak

Timotei er graset med den beste smaken og som har vore hovudsorten i det norske landbruket i over 100 år. Den gir normalt store avlingar og overvintrar bra på våre breiddegrader. Den er ikkje så kresen på jordtype og greier seg på alt frå myr- til sandjord. Likevel har den eit relativt grunt rotsystem som kan gi problem i tørre periodar på lett sandjord, og gjev størst avling ved pH 6,0-6,5.

Timotei

For at timotei skal vara i enga, er den avhengig av å få skyte minimum ein gong i løpet av vekstsesongen. Det betyr i praksis at den er best egna i eit to-slått-system, til dømes dersom ein treng eit godt strukturfôr til ammeku/gjeldku/sau/kvige eller ønsker å produsere store mengder av eit strukturrikt grovfôr og bruke kraftfôr som den produksjonsdrivande faktoren i fjoset.

Timotei er eit førsteslått gras. Det betyr at den gir mest avling på førsteslåtten mens gjenveksten kan vere litt treg. Om lag 50% av totalavlinga frå timotei kjem på 1. slått, 35% på 2. slått og 15% på ein eventuell 3. slått/beiting. I eit to-slått system vil avlingsfordelinga vere om lag 60/40 mellom slåttane.

Det er mulig å bruke timotei til tre og fleire slåtter, men enga vil ikkje vare lenge med eit slikt opplegg. Etter slått brukar timoteien av næringsreservane i rotsystemet i 4 veker før den byrjar å fylle opp att reservelageret. I eit slåtteregime med slått kvar 5. veke vil timoteiplanta aldri komme ovanpå med næringsreservane og vere meir utsett for å døy. Forsøk viser at etter fire år utgjer timotei mindre enn halvparten av avlinga i eit regime med tre eller fleire slåtter. Dersom ein derimot held seg til to slåtter viser same forsøket at timotei utgjorde over 70% av avlinga etter dei same fire åra.

I eit anna forsøk vart timotei hardt haustbeita. Her var det berre 13% timotei att i enga etter tre år mot 70-80 % på områder som ikkje var haustbeita. Ved beiting vil dyra kutte graset lågare enn ved slått. Derfor er beiting enda verre for overlevelsen til timotei enn eit system med mange slåttar. Dersom timotei skal haustbeitast, bør ein beite den forsiktig, og ta av dyra tidleg nok til at grasplanta få «restituere» før vinteren.

Fleirårig Raigras - styrst avling

Raigras er den vanlegaste grasarten på verdsbasis. Den tolar godt mange haustingar og har eit enormt avlingspotensiale, spesielt dei fyrste tre engåra. Samanlikna med timotei startar det veksten tidlegare på våren og veks lenger utover hausten. Fordelen er stort avlingspotensiale på vår og haust, ulempa er at raigras er meir sårbart for å ikkje overleve vinteren. Raigras taklar spesielt dårleg lange periodar med snødekke, eller barfrost tidleg på våren.

Raigraset har svært god gjenvekst etter slått. Ein reknar at 45%-55% av totalavlinga kjem til 1. slåtten, men dersom 1. slåtten slår feil har raigraset ein større evne enn timotei til å kompensere i seinare slåttar. I eit normalår vil avlinga til raigraset fordele seg med 50% på 1. slått, 30% på 2. slått og 20% på 3. slått.

Raigras foto NLR vest
Raigras - mange haustingar og enormt avlingspotensiale. Foto: NLR Vest

Raigras er litt meir kresen enn timotei på vokseplass. Den liker ikkje myrjord og heller ikkje rein sandjord. Dette har samanheng med at raigraset har eit grunt rotsystem som ikkje taklar svært våte eller tørre vokseforhold. I tillegg vil raigras ha pH over 6,2 (men ikkje høgare enn 6,5) for å gi maksimal avling.

Raigraset skyt om lag ei veke før timotei. Dei vanlegaste raigrasbaserte frøblandingane inneheld ein kombinasjon av raigrassortar som skyt tidleg og seint, difor vil ikkje ei raigraseng vera like synkron som ei timoteieng. I tillegg til tidlegare skyting er raigraset meir bladrikt enn timotei. Når grasmassen inneheld mindre struktur og det er vanskelegare å oppnå ei vellukka ensilering og det vert endå viktigare med god og rask fortørking for å få god kvalitet på grovfôret.

Strandsvingel - god gjenvekst

Strandsvingel er det siste tilskuddet av som hovudgrasart i Noreg. Det er eigentleg ein gamal art, kjend for stive blad og dårleg smak. Den siste tida har ulike frøfirma avla fram mjukblada sortar av strandsvingel med betre smakelighet enn dei gamle sortane, det gjer at strandsvingel kan vera aktuelt hos fleire. Det djupe rotsystemet er kanskje den største fordelen til strandsvingel. Det gjer den mindre utsett for tørke, og kan til ein viss grad aukar bæreevna til jorda. Strandsvingel er vanleg å bruke i tørkeutsette områder i resten av Europa.

I forsøk frå Rogaland har strandsvingel dårlegare smakelighet og omlag likt avlingspotensiale som raigras. Strandsvingel skal ha betre varigheit og overvintring enn raigras, men det er ikkje verifisert av norske forsøk. Strandsvingel skyt litt tidlegare enn raigras, men ikkje meir enn at tilrådd slåttetidspunkt er om lag som for raigras. Strandsvingel startar veksten tidleg på våren, men den bruker mykje av vårveksten på å produsere djupe røter og ikkje så mykje på den overjordiske veksten, difor vil ein mindre del av totalavlinga koma på 1.slåtten. Til gjengjeld har den ein svært rask gjenvekst etter slått. Vanlegvis fordeler avlinga seg med 40% på 1. slått, 30% på 2. slått og 30% på 3. slått, men det er heller ikkje uvanleg at ein tek tre jamnstore slåttar på strandsvingel.

Timotei og strandsvingel Ole arnfinn roysland
Gjenvekst på timotei (venstre) og strandsvingel (høgre), slått same dag. Foto: Ole Arnfinn Røysland Fitjar
Strangdsvigel haustbeite turid fitjar
Strandsvingel gir god gjenvekst og tolar haustebeiting godt. Foto: Turid Røysland Fitjar

Strandsvingel er interessant i eit slåttesystem med svært hyppige slåttar. Den er noko meir fiberrik enn raigras, særleg ved tidleg slått, og vert difor marknadsført som eit meir fiberrikt alternativ til raigras i eit 5-6 slåtters system i Europa.

Strandsvingel passer for dei som ynskjer fleire enn to haustingar, men ikkje vil ha raigras. Andre argument kan vera svært tørkeutsett jord, problemar med hjortebeiting eller visst ein treng ein grasart som toler beiting på vår og/eller haust utan å ta skade av det. Dei mest aktuelle strandsvingelbaserte blandingane i Noreg er Felleskjøpet sin "Spire fiber" / "Spire strandsvingel", Strand Unikorn sin "nr 27" (forhandles av Fiskå) eller Gjølstad Gård sin "NutriFibre".

I tillegg til vanleg strandsvingel er det såkalla raisvingel-sortar på marknaden. Dette er kryssingar mellom strandsvingel og toårig raigras. Målet med raisvingel er å auke avlingspotensialet samanlikna med vanleg strandsvingel. Det er både mjukblada og vanlege sortar på marknaden.

NB! Strandsvingel må ikkje blandast med strandrøyr. Det er to svært ulike gras.

Torke timotei vs strandsvingel foto nibio saerheim
Bilete frå tørkesommaren. Timotei (venstre) og strandsvingel (høgre). Foto: NIBIO Særheim

Oppsummert

Raigras utnyttar ein lang vestsesong og passer godt til tre eller fleire slåttar. Med raigras går ein går på akkord med smaken i forhold til timotei og er litt vanskelegare å ensilere. Raigras er litt meir kresen til vokseplass enn timotei men har til gjengjeld eit enormt avlingspotensiale dersom ein legg forholda til rette. Strandsvingel passer for dei som ynskjer fleire enn to haustingar, men ikkje vil ha raigras.